Semestre

GL1-7PRA3 Praksis 3, 30 dagar

Emnekode: 
GL1-7PRA3
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Teaching practice 3, 30 days
Emnenavn på bokmål: 
Praksis 3, 30 dagar
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

GL1-7PRA2

Om emnet

Planen for praksisopplæringa er tematisk samordna med planen for pedagogikk og elevkunnskap (PEL), og planane for dei andre faga. Planen for det tredje året i utdanninga byggjer på praksisplanane for fyrste og andre året i utdanninga, og i vurdering av praksis vil også målsetjingar frå fyrste og andre studieår vere med.

Læringsutbytte

Gjennomgåande for alle praksisperiodar skal studenten:

  • utvikle yrkesetisk kompetanse
  • utvikle relasjonell kompetanse
  • utvikle leiingskompetanse
  • utvikle fagdidaktisk kompetanse
  • utvikle fagkompetanse
  • utvikle endring og utviklingskompetanse
  • vise engasjement, entusiasme og evne til samarbeid

Eit nytt hovudtema for praksisopplæringa for tredje og fjerde studieår er skulen som organisasjon, det profesjonelle fellesskapet og samarbeid med føresette og andre sentrale instansar utanfor skulen. Dette handlar om:

  • Læraren sine rettar og plikter, lærararbeidet på organisasjonsnivå og i profesjonelle fellesskap
  • Skule- og elevdemokrati, føresette og elevar sine rettar
  • Samarbeid med føresette, PPT og andre aktørar
  • Kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling
  • Samarbeid med lokalmiljøet med vekt på entreprenørskap
  • Overgangar mellom stega
  • Forskingsbasert kunnskap som utgangspunkt for endring og utvikling i skulen
  • Lokalt læreplan- og utviklingsarbeid
Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling
  • har kunnskap om læraren sine rettar og plikter og om lærararbeidet på organisasjonsnivå
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid i skulen
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan sjølvstendig og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervising for elevgrupper av ulik storleik
  • kan sjølvstendig og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere byrjaropplæring
  • kan planlegge undervising med utgangspunkt i planar for ulike periodar
  • kan planlegge og vurdere foreldremøte og utviklingssamtalar med elevar
  • kan delta i lokalt læreplanarbeid
  • kan samhandle med kollegaer, skuleleiing, føresette og andre aktørar i skulen
  • kan med basis i teori og forsking identifisere mobbing og trakassering og drøfte måtar dette kan handterast på
  • kan med basis i teori vurdere og bidra til utvikling av skulen sitt læringsmiljø.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere skulen i forhold til samfunnsmandatet
  • har utvikla kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • har utvikla læraridentitet basert på profesjonelle og yrkesetiske perspektiv
  • har kritisk distanse til eiga yrkesutøving
  • har kunnskap, engasjement og metodar for å vidareutvikle seg sjølv, sitt yrke og framtidig arbeidsplass gjennom kollegialt samarbeid og samhandling med eksterne aktørar.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane vil vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar. Praksisgruppa vil normalt vere på ein praksisskule gjennom heile studieåret. Praksisen i tredje studieåret vert delt inn i to utplasseringsperiodar, eventuelt med innslag av nokre få dagar punktpraksis. Det kan bli aktuelt med skuleovertaking eller stegovertaking i den andre praksisperioden. I forkant og i etterkant av praksisperiodane vil det verte sett av tid til førebuing og etterarbeid. Målsetjinga med desse dagane er å knytte undervisninga i dei ulike faga på høgskulen sterkare i samanheng med det studentane møter i praksis.I tredje studieår vil ein arbeide vidare med lærar- og elevrolla, som var hovudtema fyrste og andre studieår, men ein vil gå meir i djupna på skulen som organisasjon, det profesjonelle fellesskapet og samarbeid med føresette og sentrale instansar utanfor skulen. Praksislærar skal framstå som tydleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal også vise studentane korleis ho/han gjennomfører undervisningsøkter. Gjennom denne vekslinga i ulike måtar å organisere rettleiinga på, får studentane spegla seg sjølv gjennom andre, og reflektert saman med andre om korleis deira lærarolle verkar på elevane og elevane si læring. Studentar skal i grupper og individuelt ta ansvar for undervisningsøkter og andre delar av læraryrket.I økter studenten ikkje har hovudansvar for, skal studenten gjennom observasjon og rettleiing av elevar prøve å setje seg inn i kva eleven si oppleving og utbytte av undervisninga er, i tillegg til å observere og rettleie medstudentar som underviser. I enkelte økter bør studenten også gjennomføre samtale med enkelt elevar der ein prøver å få enno betre innsikt i elevane sine erfaringar og læring. Det er viktig at studentar som observerer undervisinga til ein medstudent er aktive i rettleiingssamtalen i etterkant.Studentar øver seg på å oppnå kontakt med, og bygge relasjonar til einskildelevar, til dømes i friminutt og i andre aktivitetar der dette er naturleg.I løpet av praksisperiodane kan det verte aktuelt for studentane å arbeide med datainnsamling i samband med bacheloroppgåva i pedagogikk og elevkunnskap. Etterarbeid etter praksis:Dei ulike faga brukar erfaringar studentar og faglærarar har frå perioden inn mot si undervisning. Studenten skal reflektere over eigne sterke og svake sider – og utfordringar i høve undervisning. Dette skal gjerast inn mot alle fag studenten har.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • I etterkant av fyrste praksisperiode skal studentane skrive eit refleksjonsotat på 800 til 1000 ord. Oppgåva er individuell.
  • Studentane skal skrive logg i den siste praksisperioden. Loggen er individuell.
  • I etterkant av siste praksisperiode skal studentane skrive eit refleksjonsnotat på 800 til 1000 ord. Oppgåva er individuell.
Evaluering og kvalitetssikring

Vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
60
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Praksislærar skal gje kvar student munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisbolken. Etter om lag 15 dagar i praksis, skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.

Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.

Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:

Har ein student fått karakteren "Stått" i praksis 1. og 2. studieår, men får "Ikkje stått" i praksis i det 3. året, må vedkomande gjennomføre ein ny rettleidd praksisbolk på 10 dagar i studieåret etter avtale med praksisansvarleg. Dersom studenten får "Ikkje stått" også denne praksisperioden, vert det halde særskilt vurderingsmøte. Dersom utfallet av det særskilte vurderingsmøtet blir at praksisen vert vurdert som "Ikkje stått", får studenten "Ikkje stått" i praksisopplæringa, og han/ho må avbryte studiet.