Semestre
GL5-10ENG1 Engelsk 1
Ingen.
Engelsk kan vere eitt fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10- årssteget. Dei 60 studiepoenga i engelsk er fordelte over dei to første åra i utdanninga. Engelsk 1 for 5-10 gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomsteget. Emnet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er også ein del av emnet.Engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling er sentralt. I tillegg gir emnet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Språk
- Studenten har grunnleggande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser, ordforråd og syntaks, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
- Studenten har grunnleggjande kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på skilnader og likskapar mellom engelsk og norsk.
- Studenten har kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira, stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
- Studenten har kjennskap til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
Didaktikk
- Studenten har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit framanspråksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
- Studenten har innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene og legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
- Studenten har kjennskap til læreplanen for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk
- Studenten har kjennskap til eit vidt spekter av lærebøker og andre læringsressursar som kan brukast i opplæringa
- Studenten har kjennskap til korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
- Studenten har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty
- Studenten har kunnskap om ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, i opplæringa for barn og unge
- Studenten har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjer språkutvikling.
Kultur
- Studenten kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
- Studenten kjenner nokre trekk ved kultur, samfunnsliv og historie i engelsktalande land.
Språk
- Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar.
- Studenten kan bruke kunnskap om engelsk lyd- og grammatisk system til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane.
Didaktikk
- Studenten kan legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som er forankra i teori og eiga erfaring og som fremjer vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar
- Studenten kan planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa når det gjeld ulike behov og ulik kulturell og språkleg bakgrunn
- Studenten kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
- Studenten kan kritisk vurdere og bruke eigna lærebøker og andre læremiddel
- Studenten kan aktivt gjere nytte av dei erfaringane elevane har med engelsk
- Studenten kan bruke digitale læringskjelder og verkty på ein kritisk måte (i eiga kunnskapsutvikling og) i pedagogisk arbeid med elevar
- Studenten kan vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar og grunngi vurderingane
- Studenten kan utøve ein heilskapleg vurderingspraksis og legge til rette for elevane si sjølvstendige språklæring ved å gjere dei medvetne om val av læringsstrategiar.
Kultur
- Studenten kan analysere litterære tekstar og bruke presis terminologi.
- Studenten kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med litterære tekstar.
- Studenten kan leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land sett i relasjon til egen kultur.
- Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
Arbeidskrav:
Haust:
- Ein kort tekst (500 ord)
- Ei skriftleg prøve på tre timar. Dato for prøva vert gitt i semesterplanen.
- Ein munnleg presentasjon i kultur
Vår:
- Ei skriftleg oppgåve i didatikk (1500 ord)
- Ei skriftleg oppgåve i fonetikk (ordtal ikkje relevant)
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med høgskulen sitt kvalitetsikringssystem.
- Engelsk (5-10) - videreutdanning for lærarar
- Grunnskulelærarutdanning for 5-10 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Begge eksamenar vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. | Engelsk-engelsk ordbok (det vil bli spesifisert til kva eksamensdelar) | |
Munnleg eksamen | Individuell | - | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Begge eksamenar vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. |