Semesters

GL5-10ENG1 Engelsk 1

Course code: 
GL5-10ENG1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Engelsk kan vere eitt fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10- årssteget. Dei 60 studiepoenga i engelsk er fordelte over dei to første åra i utdanninga. Engelsk 1 for 5-10 gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomsteget. Emnet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er også ein del av emnet.Engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling er sentralt. I tillegg gir emnet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Språk

  • Studenten har grunnleggande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser, ordforråd og syntaks, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
  • Studenten har grunnleggjande kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på skilnader og likskapar mellom engelsk og norsk.
  • Studenten har kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira, stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
  • Studenten har kjennskap til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern

Didaktikk

  • Studenten har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit framanspråksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • Studenten har innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene og legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
  • Studenten har kjennskap til læreplanen for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk
  • Studenten har kjennskap til eit vidt spekter av lærebøker og andre læringsressursar som kan brukast i opplæringa
  • Studenten har kjennskap til korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
  • Studenten har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty
  • Studenten har kunnskap om ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, i opplæringa for barn og unge
  • Studenten har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjer språkutvikling.

Kultur

  • Studenten kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
  • Studenten kjenner nokre trekk ved kultur, samfunnsliv og historie i engelsktalande land.
Learning outcome skills

          Språk

  • Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar.
  • Studenten kan bruke kunnskap om engelsk lyd- og grammatisk system til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane.

    Didaktikk
     

  • Studenten kan legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som er forankra i teori og eiga erfaring og som fremjer vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar
  • Studenten kan planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa når det gjeld ulike behov og ulik kulturell og språkleg bakgrunn
  • Studenten kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
  • Studenten kan kritisk vurdere og bruke eigna lærebøker og andre læremiddel
  • Studenten kan aktivt gjere nytte av dei erfaringane elevane har med engelsk
  • Studenten kan bruke digitale læringskjelder og verkty på ein kritisk måte (i eiga kunnskapsutvikling og) i pedagogisk arbeid med elevar
  • Studenten kan vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar og grunngi vurderingane
  • Studenten kan utøve ein heilskapleg vurderingspraksis og legge til rette for elevane si sjølvstendige språklæring ved å gjere dei medvetne om val av læringsstrategiar.

    Kultur
     

  • Studenten kan analysere litterære tekstar og bruke presis terminologi.
  • Studenten kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med litterære tekstar.
  • Studenten kan leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land sett i relasjon til egen kultur.
Learning outcome qualification
  • Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Arbeidskrav:

Haust:

  • Ein kort tekst (500 ord)
  • Ei skriftleg prøve på tre timar. Dato for prøva vert gitt i semesterplanen.
  • Ein munnleg presentasjon i kultur

Vår:

  • Ei skriftleg oppgåve  i didatikk (1500 ord)
  • Ei skriftleg oppgåve i fonetikk (ordtal ikkje relevant)

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen

Evaluation system

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med høgskulen sitt kvalitetsikringssystem.

Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Vibeke Jensen
Used in other programs
  • English for teachers 5-10
  • Teacher Qualification 5.-10. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Begge eksamenar vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Engelsk-engelsk ordbok (det vil bli spesifisert til kva eksamensdelar)
Oral examination
Individual
-
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Begge eksamenar vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.