Semestre
GL5-10ENG2 Engelsk 2
Engelsk 1 (GL5-10ENG1)
Engelsk kan vere eit fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10- årssteget. Dei 60 studiepoenga i engelsk er fordelte over dei to første åra i utdanninga. Engelsk 2 for 5-10 bygg på engelsk 1, og gir større grad av fagleg fordjupning i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomsteget. Emnet gir meir kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og vidare utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er sentralt i emnet. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. trinn står sentralt, spesielt med fokus på problematikk knytt til overgangen mellom trinna,. I tillegg gir emnet meir innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremmande aktivitetar og arbeidsmåtar. Engelsk blir sett i eit historisk og kulturelt perspektiv, med tekstar i ulike genrar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Språk:
- Studenten har kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på syntaks, semantikk og pragmatikk, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
- Studenten har kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på skilnader og likskapar mellom engelsk og norsk
- Studenten har noko kunnskap om variantar av engelsk
Didaktikk:
- Studenten har kunnskap om historisk utvikling av metodar og tilnærmingar til opplæring i engelsk
- Studenten har kunnskap om ulike måtar å organisere opplæringa på
- Studenten har kunnskap om korleis ulike faktorar kan påverke læring av engelsk
- Studenten har innsikt i ulike læringsstrategiar som kan vere med på å gjere at elevane kan ta hand om eiga læring og språkutvikling i eit langsiktig perspektiv
- Studenten har kunnskap om lesing og skriving som prosessar
- Studenten har kunnskap om korleis munnleg og skriftleg språk kan integrerast i inspirerande og meiningsfulle aktivitetar
- Studenten har kjennskap til gjeldande læreplan for skulen som ramme for faglig utviklingsarbeid
Kultur:
- Studenten kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
- Studenten kjenner nokre trekk ved kultur, samfunnsliv og historie i engelsktalande land
Språk:
- Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
- Studenten kan bruke kunnskap om engelsk lyd- og grammatisk system til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
Didaktikk:
- Studenten kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning slik at det vert tatt omsyn til mangfaldet i elevgruppa og kulturell og språkleg bakgrunn
- Studenten kan tilpasse undervisninga til einskildeleven ved å velje og legge til rette for varierte og differensierte læringsaktivitetar som fremmer utviklinga av elevane sine reseptive og produktive språkferdigheiter, blant anna ved bruk av digitale læringsverktøy
- Studenten kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
- Studenten kan gjere elevane medvitne om prosessar knytte til lesing og skriving og korleis dei kan nytte desse strategisk i si eiga læring
- Studenten kan bruke munnlege aktivitetar som utgangspunkt for skriftlege aktivitetar og omvendt
- Studenten kan velje ut og legge til rette for arbeid med tekstar frå engelsktalande land for barn og ungdom på ein variert, utfordrande og inspirerande måte
- Studenten kan vurdere eleven si måloppnåing med og utan karakter, og grunngi vurderingane
Kultur:
- Studenten kan analysere litterære tekstar og bruke presis terminologi
- Studenten kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med litterære tekstar
- Studenten kan leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land sett i relasjon til egen kultur
- Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
- Eit studieopphald i utlandet, vanlegvis ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York. For studentar som ikkje har høve til å gjennomføre dette studieopphaldet, kan det erstattast med ei skriftleg oppgåve på 1500 ord over oppgitt tema.
Haust:
- Ei skriftleg oppgåve knytt til språklege emne (400 – 800 ord)
- Ei skriftleg oppgåve i kultur (1500 ord)
Vår:
- Ei skriftleg oppgåve knytt til språklege emne (400 – 800 ord)
- Ei skriftleg oppgåve i didatikk (1500 ord)
- Eit munnleg arbeidskrav i kultur
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen
Emnet vert evaluert i samsvar med høgskulen sitt kvalitetsikringssystem.
- Engelsk (5-10) - videreutdanning for lærarar
- Engelsk 2 for 5.-10. årssteg (videreutdanning for lærarar)
- Grunnskulelærarutdanning for 5-10 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | |||
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 |