Semestre
GL5-10KROP1 Kroppsøving 1
Om emnet:
Faget kroppsøving for 5.-10. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i femte til tiande trinn i grunnskulen.Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane sin allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar.Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskulen. Dette krev kompetanse i individuell idrett, lagidrett, symjing/livredning, dans og friluftsliv og i korleis bruk av ulike rørslemiljø kan bidra til opplæringa. Det vert også lagt vekt på korleis val av innhald og arbeidsmåtar påverkar læringsprosessane og korleis kroppsøving bidreg til eleven si heilheitlege utvikling.Fagdidaktikken i emnet byggjer på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studie skal studentane ha kunnskap om:
- kroppsøvingsfaget sin eigenart
- kroppsøvingsfaget si utvikling og historie vurdering og dokumentasjon i lys av kroppsøvingsfaget sin eigenart
- leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet for born og unge- allsidig og grunnleggande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, idrettaktivitet og friluftsliv i skule og fritid
- korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til born i ulike rørslemiljø- grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge
- grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar
- grunnleggjande ergonomi
- barn og unge med utgangspunkt i teoriar om fysisk og motorisk utvikling, betyding av kjønn, sosial bakgrunn, den fleirkulturell skulen, evne og funksjonsnivå knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
- ha kunnskap om fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv
- praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
- ha fagleg og didaktisk kunnskap til å gjere avvegingar knytt til undervisning og læring i kroppsøving for elevar på trinn 5-10
- ha kunnskap om leik, idrett, symjing og friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer i barn sin oppvekst
- ha kunnskap om korleis kroppsøving kan bidra til utvikling av dei grunnleggjande dugleikane; uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg, rekne, bruke digitale verktøy i begynneropplæringa, og korleis det frå faget sin eigenart er naturleg å inkludere desse
- ha kunnskap om motorisk læring og betydinga av dette i barn si utvikling
- ha kunnskap om fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv
- ha forståing for kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barnekultur
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha ferdigheiter i:
- vise ferdigheiter knytt til det å planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske krav
- leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, symjing, friluftsliv, og tidsaktuelle rørsleformer som er aktuelle for trinn 5-10
- kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, og læringsfremjande tilbakemelding
- å ferdast i kystnære strøk
- identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn
- å ta seg fram og legge til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass
- å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for barn og unge
- grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha generell kompetanse til å:
- å vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kan bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
- kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar:
Praktisk organisering og arbeidsmåtar:
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Studentane må rekne med fråvær frå heimen i inntil 3 dagar (kurs 5).
Emnet er samansett av følgjande kurs:
Teoretiske kurs:
Kurs 1. Leik og sansemotorikk
- Leik og leikemiljø som stimulerande og variert moglegheit for livsutfalding, meistring og sosialt samvær.
- Observasjon og analyse av born i leik
- Allsidig og grunnleggande rørsleerfaring sin betyding for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit
- Grunnleggande rørsler sin betyding for born og unge si deltaking i leik, idrettsaktivitet og friluftsliv i skule og fritid
- Grunnleggande og enkle prinsipp og metodar for tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge
Kurs 2. Bevegelseslære 1
- Grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- Grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar
- Ergonomi
Kurs 3. Fagdidaktikk i kroppsøving og idrett
- Innføring i fagdidaktikk knytt til idrett, kroppsøving og friluftsliv.
- Didaktikk knytt til lagspel, læring og leiing.
- Undervisningsmetodar og arbeidsmåtar med tanke på tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge.
- Drøfting av faglege, pedagogiske og praktiske problemstillingar knytt til den organiserte idretten, kroppsøvingsfaget og friluftsliv.
- Teori knytt til vurdering, tiltak, prioriteringar og val ved tilrettelegging for læring gjennom fysisk aktivitet.
Praktiske kurs med didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 4-9.
Kurs 4. Stup, turn og grunnleggjande koordinasjon.
- Stup: Eit utval stupøvingar frå sviktbrett og tårn
- Turn: Grunnleggjande turnøvingar ute og i sal
- Generell koordinasjon: Utvikling av generelle koordinative eigenskapar
Kurs 5. Kystfriluftsliv.
- Innføringskurs i grunnleggjande dugleikar i friluftsliv. Oppstartstur på Yksnøya med overnatting.
Kurs 6. Symjing og livberging
- Vasstilvenning
- Opplæring i symjeartane bryst
- Rygg- og frisymjing
- Ballspel i vatn
- Basisdugleikar i symjing, dykking, ilandføring og HLR
- Livbergingsprøve
Kurs 7. Orientering
- Orientering i idrett og kroppsøving
- Bruk av kart og kompass i ulike miljø
Kurs 8 Friidrett
- Innføring i grunnleggjande friidrettsteknikkar
Kurs 9. Leik og idrettsaktivitetar
- Kreativ læring
- Tradisjonelle og utradisjonelle leikar og idrettsaktivitetar i ulike rørslemiljø
- Grunnleggande innføring i innebandy, med fokus på tilrettelegging for barn og unge
Frammøtekrav:
Kurs 2, 6, 7, 8 og 9: krav om 80 prosent frammøte/deltaking
Kurs 4: krav om 80 prosent frammøte/deltaking totalt og minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs
Kurs 5: Kystfriluftsliv: krav om 100 % aktiv deltaking.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav:
- Forskings- og utviklingarbeid (kurs 3) individuelt/grupper. Retningslinjer og krav vil gå fram av kursplan. Obligatorisk rettleiing knytt til prosjektet. Omfang på oppgåva: ca. 5000 ord. Munnleg presentasjon av oppgåva gruppevis/individuelt.
- Observasjon av ulike rørslemiljø og skriftleg innlevering i grupper i kurs 1, Leik og sansemotorikk.
- Vist innsats og eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver.
- Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i dei praktiske kursa.
- Godkjent livbergingsprøve i basseng.
- To godkjente praktisk-metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningslinjer vert lagt fram ved studiestart.
- Planlegging, gjennomføring og observasjon av leik og fysisk aktivitet med barn i sal (kurs 1).
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Materialavgift:400kr
Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar i kurs 1, 5, 7 og 8.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | 3 Dagar | Stått eller ikkje stått | ||||
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Digital eksamen. Kurs 1: Leik og sansemotorikk. | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Digital eksamen. Kurs 2: Bevegelseslære 1. | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Digital eksamen. Kurs 3: Fagdidaktikk i kroppsøving og idrett. |
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid.