Semestre
GL5-10KROP2 Kroppsøving 2
Ingen.
Faget kroppsøving for 5.-10. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i femte til tiande trinn i grunnskulen.
Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.
Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane sin allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Det blir også arbeidd med å sjå kroppsøving i tverrfaglege samanhengar i skulen. Gjennom arbeidet med Kroppsøving 2 skal studentane utvikle sjølvstendig refleiksjon og vurdering av eiga undervisning.
Emnet er sett saman av desse kursa:
Kurs 1. Idrettspedagogikk
- Pedagogiske problemstillingar retta mot idrett og kroppsøving
- Motivasjon og meistring hjå ulike målgrupper
- Idrett og sjølvbilete
- Læring i idrettsgrupper
- Kropp, kultur og samfunn
- Barne- og ungdomsidretten
Kurs 2. Fysiologi og treningslære
- Fysiologi med tanke på arbeidskapasitet og trening
- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag
- Idrettsskadar
- Doping
Praktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for ulike aldersgrupper.
Kurs 3. Dans
- Dans ved hjelp av lyd og rytme, og musikk.
- Dans som samværs -, kommunikasjons – og treningsform.
Kurs 4. Ski
- Leik på ski
- Innføring i svingteknikk.
Kurs 5. Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar.
- Om idrett for alle. Meistring, inkludering og likeverd.
- Praktisk aktivitet for å få kunnskap om og innsikt i ulike utfordringar ein som kroppsøvingslærar/trenar kan møte.
- Planleggje og ta del i Spenningskurset på Bjorli eller tilsvarande praksis.
Kurs 6. Praktisk treningslære
- Bruk av enkelt test- og registreringsutstyr
- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag
Kurs 7. Ballspel
- Innføring i ballspela volleyball, handball, fotball og basketball der ein øver grunnleggjande tekniske og taktiske dugleikar, praktisk metodiske innlæringsmoment, fagdidaktikk, tilrettelegging for ulike aldersgrupper, tillempingar for skulebruk, normer og reglar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha tilegna seg kunnskap om:
- og kritisk kunne forholde seg til idrettspedagogiske teoriar og praksis
- forskings- og utviklingsarbeid knytt til kroppsøving
- trening, treningsprinsipp og treningsleiing eigna for ulike aldersgrupper kroppen i rørsle, spesielt med tanke på læring av kroppslege og idrettslege dugleikar
- ha innsikt i ulike tilnærmingar til læring, motivasjon og leiing i idrett og skule
- idrett og sjølvbilete
- den organiserte barne og ungdomsidretten
- kritisk kunne reflektere kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
- praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
- å planleggje, leggje til rette for og gjennomføre praktisk metodisk opplegg i utvalde aktivitetar
- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i praktiske aktivitetar
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha tileigna seg ferdigheiter i:
- og erfaring med grunnleggande fagdidaktikk i praksis, og vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
- vidareutvikle eigne kunnskapar og dugleikar i leik, idrett, dans, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer med tanke på undervisning i kroppsøving
- vurdere rørslemiljø, aktivitet og trening eigna for ulike aldersgrupper
- vurdere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å forbetre undervisning og læring i kroppsøving gjennomføre forsøks- og utviklingsarbeid knytt til eigen lærarkompetanse i kroppsøving
- utvide eige repertoar av aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervisning i kroppsøving
- å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetane for barn og ungdom med ulike føresetnadar
- å kunne utføre grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa
- kan leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, skileik, dans, praktisk treningslære, ballspel, innføring i svingteknikk og tidsaktuelle rørsleformer
- kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemelding
- kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for ulike aldersgrupper
- grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha generell kompetanse til å:
- vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kan bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
- kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar
- arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
- bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving
- reflektere omkring kroppsøving som del av norsk kultur og i eit fleirkulturelt og internasjonalt perspektiv
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Studieturar:
Kurs 4, Ski: Dersom dårlege snøtilhøve må ein rekne med fråvær frå heimen inntil fem dagar.
Kurs 5, Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar: Studentane må rekne med fråver frå heimen inntil seks dagar.
Frammøtekrav:
- Kurs 3 og 6: Krav om 80 % oppmøte.
- Kurs 4 og 5: Krav om 100% frammøte/deltaking
- Kurs 7: krav om 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Arbeidskrav:
- Godkjent mappe (innlevering i grupper) i kurs 1 Idrettspedagogikk, omfang på ca. 3000-4000 ord
- Godkjent ein seminarpresentasjon i grupper i kurs 1 Idrettspedagogikk
- Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
- Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
- Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
- Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 3, 4 og 7.
- Refleksjonsnotat knytt til kurs 5. Omfang: ca. 1000 ord
- Godkjent praktisk metodiske oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 3, 4 og 7 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk metodisk opplegg der dei underviser medstudentar. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningsliner for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart.
Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking på undervisning og seminar i kurs 1 og 5, slik det går fram av kursplan.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Materialavgift: 400kr
Kurs 4: Studentane må rekne med utgifter til transport (evt. opphald dersom skikurset ikkje kan leggast lokalt) og heiskort i samband med skiundervisning.
Kurs 5: Studentane må rekne med kostnadar til mat og ein eigenandel på 350,- i samband med kurset.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | 5 Dagar | Stått eller ikkje stått | ||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | 6 Dagar | Stått eller ikkje stått | Kurs 5, Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. | |||
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Kurs 1: Pedagogikk i kroppsøving og idrett. | |||
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Kurs 2: Fysiologi og treningslære. |
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid.