Semestre

GL5-10MAT1A Matematikk 1A 5-10

Emnekode: 
GL5-10MAT1A
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Mathematics 1A
Emnenavn på bokmål: 
Matematikk 1A
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Matematikk kan vere eitt av tre fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.- årssteget. Dette emnet utgjer dei første 15 studiepoenga i matematikk.

Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise matematikk i grunnskulen.

For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt;

  • tal og talforståing; til dømes talsystem i ulike kulturar, posisjonssystem, rekneartane (aritmetikk), brøk, prosent, måling
  • algebra; til dømes overgangen frå aritmetikk til algebra, algebra og likningar
  • læringsteoriar i matematikk
  • arbeidsmåtar og metodar i klasserommet
  • grunnleggjande ferdigheiter i matematikk.
Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg talforståing og rekning, overgangen frå aritmetikk til algebra
  • har kunnskap i algebra og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på mellomsteget
  • har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
  • har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
  • har kunnskap om ulike teoriar for læring, og om samanheng mellom læringssyn og fag- og kunnskapssyn
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
  • har kunnskap om matematikken si historiske utvikling, særskilt utviklinga av talomgrep og talsystem.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på mellomsteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
  • kan kommunisere med elevar, enkeltvis og i ulike gruppesamansettingar, lytte til, vurdere og gjere bruk av elevane sine innspel, og institusjonalisere kunnskap
  • kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring.
Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar.Som ein del av emnet vert døme på faglege og didaktiske utfordingar henta frå studentane sine praksisperiodar løfta fram og arbeidd med. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  •  Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på 500-800 ord. Innleveringstidspunkt for oppgåvene vert gitt i semesterplanen.
  • To skriftlege prøver, kvar
    på tre timar. Dato for prøvene vert gitt i semesterplanen. 
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
40
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter