Semestre
GL5-10MAT1B Matematikk 1B 5-10
Ingen.
Matematikk kan vere eitt av tre fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.- årssteget. Emnet GL5-10MAT1B er det andre matematikkemnet for GLU 5-10 og skal takast i det andre studieåret av dei som har valt matematikk.
Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglige tema som er viktige for alle som skal undervise i matematikk på stega 5-10 i grunnskulen. For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt;
- statistikk; mellom anna ulike diagram, mål for spreiing og mål for sentraltendens
- sannsyn/kombinatorikk; mellom anna historisk utvikling av sannsynsomgrepet, ulike sannsynsmodellar, kombinatorikk og ulike sannsynsfordelingar
- geometri/måling; mellom anna grunnleggjande figurar, konstruksjon (geometriske stader), kongruens og formlikskap, Pytagoras si setning, romfigurar, avbildingar og symmetri, perspektivteikning
- funksjonar; mellom anna historisk utvikling av funksjonsomgrepet, lineære funksjonar, polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar og eksponentialfunksjonar
- algebra; andregradslikningar
- bruk av IKT i matematikk
- vurdering.
-
Studenten
- har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg geometri og måling, algebra og funksjonar
- har kunnskap om betydinga semiotiske representasjonsformer har i matematikk, og kva utfordringar som er knytt til overgangar mellom representasjonsformer
- har kunnskap om språket si rolle for læring av matematikk
- har kunnskap om vanlege interaksjonsmønster og kommunikasjon knytt til matematikkundervisning
- har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
- har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen og i vidaregåande skule, og om overgangane mellom stega i grunnskulen og ungdomssteg - vidaregåande skule
- har kunnskap om eit breitt metoderepertoar for undervisning i matematikk
- har innsikt i og erfaring med bruk av ulike læremiddel, både digitale og andre, og mogelegheiter og avgrensingar ved slike læremiddel
- har kunnskap om matematikken si historiske utvikling, særskilt utviklinga av funksjons- og sannsynsomgrepet.
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elever på 5.-10. steget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
- kan bruke og vurdere kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar, for å tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
- kan vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar, og grunngi vurderingane
- kan kommunisere med elevar, enkeltvis og i ulike gruppesamansettingar, lytte til, vurdere og gjøre bruk av elevane sine innspel, og institusjonalisere kunnskap
- kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
- kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for mestring hos elevar med ulike typar matematikkvanskar.
-
Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar.Som ein del av emnet vert døme på faglege og didaktiske utfordingar henta frå studentane sine praksisperiodar løfta fram og arbeidd med. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.
- Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på 500-800 ord. Innleveringstidspunkt for oppgåvene vert gitt i semesterplanen.
- Ei skriftleg prøve på tre timar. Dato for prøva vert gitt i semesterplanen.
Arbeidskrava vert presisert og tidfesta i semesterplanen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | - | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |