Semestre
GL5-10NOR1B Norsk 1B
Ingen
Norsk kan vere eitt av tre fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5-10-årssteget. Dei 60 studiepoenga i norsk er fordelte over dei tre første åra i utdanninga. Sentralt i arbeidet med norskfaget står vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i dette temaet og i norsk språk- og tekstkunnskap. Dei skal lære å arbeide med å vidareutvikle dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. På norsk 1 emne B skal studentane vidareutvikle og bruke faglege og fagdidaktiske innsikter dei har frå emne A. I tillegg skal studentane utvikle kunnskap om tilpassa opplæring, norsk som andrespråk og lese- og skrivevanskar. Som lærar på ungdomssteget er det forventa at læraren kan utvikle og leggje til rette for eit meir analytisk forhold til tekstar og tekstkulturar.Fokusområdet på emne B er dei utfordringane som er knytt til formidling av norskfaget på ungdomssteget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har :
- kunnskap om den gjeldande læreplanen for skulens norskfag har kunnskap om relevante teoriar om lesing, skriving og lese- og skriveopplæring
- kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring
- kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
- kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- kunnskap om litteratur i ulike sjangrar frå nyare tid som vender seg mot ungdom og vaksne
Studenten kan:
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 8. til 10. trinn og grunngi faglege val
- vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg, digital og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- leggje til rette for at elevane får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
- analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- studenten er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- studenten kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- studenten kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
- studenten kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- studenten kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida.
Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy.
Arbeidskrav:
- Eitt skriftleg arbeidskrav. Individuelt arbeid. Omfang: ca 2000 ord.
- Haust: Ei skriftleg prøve på tre timar. Dato for prøva vert gitt i semesterplanen.
- Eitt munnleg arbeidskrav knytt til eit fagleg tema. Omfang: maks 30 minutt.
- Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |