Semestre

GL5-10PEL1 Pedagogikk og elevkunnskap 1

Emnekode: 
GL5-10PEL1
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap. Innhaldet i emnet tek føre seg læraren si tilrettelegging for elevane si læring og utvikling, og tek utgangspunkt i fire område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læreplan, læring og undervisning. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt. Studiet gir innsikt i pedagogiske utfordringar knytt til didaktikk og læringsmiljø, klasseleiing, profesjonsetikk og realisering av læreplanintensjonar. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • læring og læreprosessar og utfordringar i læringsarbeidet 
  • klasseleiing og varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer i skulen
  • samanhengar mellom læraren si leiing av læringsarbeid, utvikling av eit godt læringsmiljø og ein inkluderande læringsfellesskap
  • dei grunnleggjande ferdigheitene som basis for læring 
  • bruk av digitale verktøy
  • dei sentrale styringsdokumenta som regulerer skulen si verksemd, og om utfordringar som ligg i realiseringa av desse
  • grunnleggjande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
  • systematisk observasjon av elevane sitt læringsarbeid.
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • planleggje, leie, variere og vurdere læringsarbeid
  • leggje til rette for elevane si læring og utvikling av grunnleggjande ferdigheiter
  • forklare samanhengar mellom fagleg innhald, arbeidsmåtar og vurdering
  • reflektere over didaktiske moglegheiter med bruk av IKT
  • gjennomføre læreplananalyse
Generell kompetanse

Studenten kan:

  • vurdere, rettleie og gi omsorg til den enkelte elev
  • leggje til rette for gjensidig ansvar og uthaldenheit i læringsarbeidet
  • forstå samanhengar mellom relevant forsking og mulegheiter i pedagogisk praksis. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Ei skriftleg gruppeoppgåve knytt observasjon av lærarrollen i praksis, på inntil 2000 ord
  • Ei skriftleg semesterprøve på tre timar
  • Ein individuell munnleg presentasjon
  • Deltaking i seminar knytt til individuell munnleg presentasjon

Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet.

Studenten får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.  

 

Sensorordning

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Gunhild Nordvik Reite
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning for 5-10 årssteg
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter