Semestre
GL5-10PEL2 Pedagogikk og elevkunnskap 2
Ingen
Emnet er andre del av faget Pedagogikk og elevkunnskap. Innhaldet i emnet tek føre seg elevmangfaldet og tilrettelegging av læringsprosessar. Det er den lærande eleven som er i sentrum der kvar elev med sine unike personlege, sosiale og kulturelle føresetnader for læring er ein del av ein fellesskap. Forskingsbasert kunnskap om arbeid med inkluderande og tilpassa opplæring, læring individuelt og i samspel står sentralt. Studiet gir innsikt i pedagogiske utfordringar knytt til elevmangfaldet, der språkleg og kulturell variasjon vert vektlagd.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- sosialt, språkleg og kulturelt mangfald i barn- og unge sin oppvekst
- utvikling og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle samanhengar og om forsking på tilpassa opplæring
- betydninga av eit godt samarbeid mellom heim og skule
- barn og unge si sjølvoppfatnings- og identitetsutvikling, oppvekstmiljø og likestilling
- elevar si utvikling av læringsstrategiar, metakognitiv forståing og sjølvregulering
- elevar med fleirspråkleg og fleirkulturell bakgrunn, mellom anna om samar og nasjonale minoritetar
- utfordringar og moglegheiter i pedagogisk arbeid med elevar som har særskilde behov for tilrettelagt opplæring
- barn i vanskelege livssituasjonar
- innhaldet i og grunngjevingane for dei sentrale nasjonale og internasjonale reguleringane som gjeld elevar og deira rettar
Studenten skal kunne:
- nytte kunnskapar om barn og unge sin bakgrunn og utvikling og analysere dei pedagogiske konsekvensane dette kan ha for arbeidet i skulen
- legge til rette for elevane si læring med utgangspunkt i kunnskap om individuelle føresetnader og fagleg og sosial samhandling
- analysere elevane sine læringsstrategiar og læringsutbytte ved hjelp av ulike former for vurdering og trekke konsekvensar for arbeidet med læringa
- vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakter, og grunngje vurderingane
- gjennomføre læringsretta tilbakemelding
- formulere seg fagleg, både munnleg og skriftleg
Studenten skal:
- ha forståing for arbeid med å skape ei tilpassa opplæring i eit inkluderande læringsmiljø
- ha forståing for skulen sine rammefaktorar når det gjelder elevane si læring
- ha forståing for dei samansette krava som vert stilte til lærarprofesjonen og betydninga ulike kompetanseområde har for elevane si læring
- på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med elevane og deira føresette om elevane si faglege, personlege og sosiale læring og utvikling
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
- Eit transkribert intervju
- Ei individuell skriftleg oppgåve basert på intervju knytt til temaet tilpassa opplæring, på inntil 2000 ord
- Ei munnleg framføring og deltaking i seminar
- Ein teoretisk refleksjonstekst på inntil 1000 ord
- Ei gruppebasert skriftleg oppgåve knytt til temaet den fleirkulturelle skulen, på inntil 3000 ord
Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Elektronisk innlevering i Fronter |