Semestre

GL5-10PEL3 Pedagogikk og elevkunnskap 3

Emnekode: 
GL5-10PEL3
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

GL5-10PEL1 og GL5-10PEL2

Om emnet

Emnet bygger på dei to første emna i PEL-faget i grunnskulelærarutdanninga, og omhandlar skulens oppgåver og funksjon i eit historisk, filosofisk, samfunnsmessig og internasjonalt perspektiv. Dette inneber kunnskap om skulen som organisasjon, profesjonelt utviklingsarbeid og profesjonsetisk medvit.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om

  • skulen som kompleks organisasjon, om rammefaktorar og styringsstruktur
  • samarbeidet med kollegaer i skulen, elevar, føresette og samarbeidspartnarar utanfor skulen og kva betyding dette har for elevane si læring og utvikling
  • fellesskapet si betyding for elevane sine læringsprosessar
  • korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast
  • sosialt, språkleg og kulturelt mangfald og korleis ein inkluderande skule kan legge til rette for elevar si læring og utvikling
  • overgangen mellom  barnesteg og ungdomssteg og mellom ungdomssteg og vidaregåande opplæring
  • sentrale fasar og strategiar i skulen si historiske utvikling, mellom anna om erfaringar for den samiske skulehistoria, og om skulen og utdanninga sitt mandat og funksjonar til ulike tider i Noreg
  • demokrati, danning og utvikling av identitet, og den betydinga dette har for skulen si verksemd i ei internasjonalisert verd
Ferdigheiter

Studenten kan

  • kritisk analysere samhandlingar i klasser og grupper av elevar og fatte slutningar som stimulerer elevar si læring
  • planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid i elevgrupper med ulik sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
  • kan analysere og refelektere over skulefaglege spørsmål knytt til elevar med ulik sosial og faglig utvikling
  • stimulere til forståing av demokrati og til demokratisk deltaking og treffe grunngjevne verdival
  • planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingssamtalar
  • Studenten skal meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte. 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan forstå korleis profesjonsetiske val påverkar elevar sitt læringsarbeid og kan analysere og kommunisere om profesjonsetiske utfordringar både med heimen, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • kan fremme dialog og gjensidig respekt i læringsfellesskap prega av eit språkleg og kulturelt mangfald
  • har innsikt i lærarrolla si utvikling og dei utfordringar læraren står ovanfor som oppseder i eit pluralistisk og internasjonalisert samfunn
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dette er arbeidskrava:

  • Individuell skriftleg oppgåve ut frå gitt problemstilling knytt til utfordringar i skulen som organisasjon, på inntil 2500 ord
  • Ein individuell munnleg presentasjon med deltaking i seminar
  • Innlevering av tema for bacheloroppgåve
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Gunhild Nordvik Reite
Randi Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter