Semestre

GL5-10PRA4 Praksis 4, 10 dagar

Emnekode: 
GL5-10PRA4
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Teaching practice 4, 10 days
Emnenavn på bokmål: 
Praksis 4, 10 dagar
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

GL5-10PRA3

Om emnet

Planen for praksisopplæringa er tematisk samordna med planen for pedagogikk og elevkunnskap (PEL), og planane for dei andre faga. Planen for det fjerde året i utdanninga byggjer på praksisplanane for fyrste, andre og tredje året i utdanninga, og i vurdering av praksis vil også målsetjingar frå tidlegare studieår vere med. 

Læringsutbytte

Gjennomgåande for alle praksisperiodar skal studenten:

  • utvikle yrkesetisk kompetanse
  • utvikle relasjonell kompetanse
  • utvikle leiingskompetanse
  • utvikle fagdidaktisk kompetanse
  • utvikle fagkompetanse
  • utvikle endring og utviklingskompetanse
  • vise engasjement, entusiasme og evne til samarbeid

Hovudtema for praksisopplæringa for tredje og fjerde studieår er skulen som organisasjon, det profesjonelle fellesskapet og samarbeid med føresette og andre sentrale instansar utanfor skulen. Dette handlar om:

  • Læraren sine rettar og plikter, lærararbeidet på organisasjonsnivå og i profesjonelle fellesskap
  • Skule- og elevdemokrati, føresette og elevar sine rettar
  • Samarbeid med føresette, PPT og andre aktørar
  • Kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling
  • Samarbeid med lokalmiljøet med vekt på entreprenørskap
  • Overgangar mellom stega
  • Forskingsbasert kunnskap som utgangspunkt for endring og utvikling i skulen
  • Lokalt læreplan- og utviklingsarbeid

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling
  • har kunnskap om læraren sine rettar og plikter og om lærararbeidet på organisasjonsnivå
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid i skulen
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan sjølvstendig og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervising for elevgrupper av ulik storleik
  • kan sjølvstendig og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere byrjaropplæring
  • kan planlegge undervising med utgangspunkt i planar for ulike periodar
  • kan planlegge og vurdere foreldremøte og utviklingssamtalar med elevar
  • kan delta i lokalt læreplanarbeid
  • kan samhandle med kollegaer, skuleleiing, føresette og andre aktørar i skulen
  • kan med basis i teori og forsking identifisere mobbing og trakassering og drøfte måtar dette kan handterast på
  • kan med basis i teori vurdere og bidra til utvikling av skulen sitt læringsmiljø.
  • meistrar norsk munnleg, norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere skulen i forhold til samfunnsmandatet
  • har utvikla kommunikasjons- og relasjonskompetanse
  • har utvikla læraridentitet basert på profesjonelle og yrkesetiske perspektiv
  • har kritisk distanse til eiga yrkesutøving
  • har kunnskap, engasjement og metodar for å vidareutvikle seg sjølv, sitt yrke og framtidig arbeidsplass gjennom kollegialt samarbeid og samhandling med eksterne aktørar.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på tre til fire studentar. Det er lagt opp til at praksisperioden på 10 dagar skal gjennomførast i første del av vårsemesteret Studentar som skal ha utveksling til utlandet i siste semester kan få gjennomføre praksisen i haustsemesteret.

Praksislærar skal vere tydleg rettleiar og rollemodell. Studentane skal få ansvar for lengre og gjerne etterfølgjande undervisingsøkter åleine og i grupper. Praksislærar skal også vise studentane korleis ho/han gjennomfører undervisningsøkter. Gjennom denne vekslinga i ulike måtar å organisere undervisinga på, får studentane spegla seg sjølv gjennom andre, og reflektert saman med andre om korleis deira lærarrolle verkar på elevane og elevane si læring.  

I økter studenten ikkje har hovudansvar for, skal studenten gjennom observasjon og rettleiing av elevar prøve å setje seg inn i kvar eleven si oppleving og utbytte av undervisninga er. Det er viktig at studentar som observerer undervisinga til ein medstudent er aktive i rettleiingssamtalen i etterkant.  

Studentar øver seg på å oppnå kontakt med, og bygge relasjonar til einskildelevar, til dømes i friminutt og i andre aktivitetar der dette er naturleg.

Etterarbeid etter praksis:

Dei ulike faga brukar erfaringar studentar og faglærarar har frå perioden inn mot si undervisning. Studenten skal reflektere over eigne sterke og svake sider – og utfordringar i høve undervisning. Dette skal gjerast inn mot alle fag studenten har.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal skrive logg undervegs i praksisperioden. Omfang ca. 1000 ord.

Sensorordning
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Oddvar Aalde
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning for 5-10 årssteg
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
10 Dagar
Stått eller ikkje stått
Praksislærar skal gje kvar student munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisbolken.

Etter fullført praksis skal studenten ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. All rettleiing og vurdering skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærarar og eventuelt studieleiar/praksiskonsulent kan trekkast inn i vurderinga.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:

Har ein student fått karakteren "Stått" i praksis 1., 2. og 3. studieår, men får "Ikkje stått" i praksis i det 4. året, må vedkomande gjennomføre ein ny rettleidd praksisbolk på 10 dagar i studieåret etter avtale med praksisansvarleg. Dersom studenten får "Ikkje stått" også denne praksisperioden, vert det halde særskilt vurderingsmøte. Dersom utfallet av det særskilte vurderingsmøtet blir at praksisen vert vurdert som "Ikkje stått", får studenten "Ikkje stått" i praksisopplæringa, og han/ho må avbryte studiet.