Semestre

GL5-10PRO Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk

Emnekode: 
GL5-10PRO
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I profesjonsskriving på bokmål og nynorsk skal studentane utvikle skriftlege ferdigheiter i sentrale sjangrar frå lærarkvardagen. Dei skal kunne bruke både nynorsk og bokmål som skriftleg undervisingsspråk (t.d. tavlespråk, tilbakemeldingar til elevane osb.) og i andre profesjonssamanhengar (t.d. årsplanar, møtereferat, informasjonsskriv til foreldra).

Læringsutbytte

-

Kunnskapar
  • Studenten har kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova.
  • Studenten har kunnskap om ulike skriftlege sjangrar i skulekvardagen.
Ferdigheiter
  • Studenten meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng. 
  • Studenten kan gjere nytte av hjelpemiddel i eiga skriving.
Generell kompetanse

Studenten har god kompetanse i norsk skriftleg og kan vere ein god modell for elevane og stimulere til skriving på begge målformer.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing og seminar med studentaktivitet der studentane sjølve skal vere aktive skrivarar. Det vert lagt opp til at studentane skal samarbeide. Det er obligatorisk frammøte til alle undervisningsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Fire skriftlege arbeidskrav skrivne i seminar, kvart på om lag 400 ord.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
60
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
3 timar
Stått eller ikkje stått
Ordliste.