Semestre
GL5-10SAM1A2 Samfunnsfag 1A
Ingen.
Samfunnsfag 1A omfattar om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom natur og samfunn, mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Fokus vert sett på vikingtid og rikssamling, byggjeskikk, ressursar, geologi og landskap, demografi, sosialisering, det fleirkulturelle samfunnet og økonomi og samfunn. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget. Arbeidet i emnet er knytt til den gjeldande læreplanen i grunnskulen, m.a. når det gjeld tema og arbeidsmåtar. Sentrale tverrgåande perspektiv knytt til dei ulike områda vil vere forskingsforankring, digital kompetanse, grunnleggjande dugleikar og fleirkulturelle utfordringar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
- har kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
- kjenner til undervisingspraksis og -utfordringar i samfunnsfag på 5. -10. trinn
- har kunnskap om landskapsformene i dagens Noreg, og om korleis ein kan bruke slik kunnskap i opplæringa
- har kunnskap om naturgrunnlaget, ressursar, næringsvegar, folkesetnad, busetnadsmønster og miljø
- har kunnskap om dei historiske hovudtrekka til Noreg og verda frå den eldste busetnad til om lag 1800
- har kunnskap om økonomi, sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra
- har kunnskap om det fleirkulturelle samfunnet med særleg vekt på samikulturen
- har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
- har kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse.
Studenten
- kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
- kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
- kan arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
- kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
- kan bidra til å utvikle den munnlege dugleiken til elevane gjennom øving i møtedeltaking, debattar og andre munnlege aktivitetar i faget
- kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
- kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy
- kan kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
- kan leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget.
Studenten
- kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
- kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
- kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
- kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
- kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn.
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og ekskursjonar. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Det er obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
For å få framstille seg for eksamen, må studenten
- skrive tre oppgåver kvar på 2 300-3 000 ord (ei i geografi, ei i historie og ei i samfunnskunnskap). Sidan vi opererer med ei så romsleg ramme i tal på ord, må ein halde seg innafor denne ramma.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Grunnskulelærarutdanning for 5-10 årssteg
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ved sluttvurderinga vert ei av innleveringsoppgåvene (geografi, historie og samfunnskunnskap) trekt ut og vurdert. Det arbeidet som vert uttrekt, utgjer eksamen. | Om lag 2300-3000 ord |