Semestre
GOV101 Politikk, makt og juss
Ingen.
Emnet gir ei innføring i stats- og kommunalkunnskap og i sentrale juridiske spørsmål i offentleg rett.
I dette emnet blir du kjent med tema som:
- Demokrati og demokratisering
- Politisk utvikling
- Forhold mellom stat og kommune
- Kommunal organisering
- Forvaltningsrett
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- kunnskap og forståing om organisering av politiske system
- grunnleggande kunnskap om korleis det norske politiske systemet og samfunnet er organisert
- grunnleggande kunnskap om forvaltningsretten sin plass i rettssystemet
Studenten kan
- drøfte utfordringar med den norske samfunnsmodellen
- lage akademisk oppgåvestruktur og bruke kjelder
Studenten skal kunne
formidle kunnskap om det norske politiske systemet, både skriftleg og munnleg
Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, oppgåveløysing, studentseminar og individuelt arbeid. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.
80 prosent frammøte til undervisning og læringsaktivitetar, og to arbeidskrav må vere levert til rettleiing i løpet av semesteret.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Samfunnskunnskap - årsstudium
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått | To arbeidskrav som vert vurdert som stått/ikkje stått. |