Semestre
GOV102 Økonomiske krefter i eit globalt samfunn
Ingen.
Emnet gir grunnleggande innføring i sentrale deler av faget samfunnsøkonomi.
I dette emnet blir du kjent med tema som:
- Økonomi i offentleg sektor
- Verdiskaping og modellar for økonomisk vekst
- Pengar, valuta og inflasjon
- Stabiliseringspolitiske mål og verkemiddel
- Næringsøkonomi og klyngeteori
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- grunnleggande kjennskap til økonomiske mekanismar som påverkar samfunnsutviklinga
- grunnleggande kunnskap om klynger og globale næringar
- grunnleggande innsikt i økonomisk styring av kommunar
Studenten kan
- ta i bruk økonomiske omgrep og teoriar til å gjere greie for norske og internasjonale økonomiske hendingar
- forstå kommunaløkonomiske tema
- reflektere fagleg kring sentrale økonomiske omgrep
Studenten skal kunne
formidle kunnskap om økonomiske samanhengar i samfunnet, både skriftleg og munnleg.
Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, oppgåveløysing og individuelt arbeid. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.
Frammøtekrav:
80 prosent frammøte til undervising og læringsaktivitetar
Arbeidskrav:
Eitt individuelt arbeidskrav vurdert som godkjent/ikkje godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Samfunnskunnskap - årsstudium
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |