Semestre

HI111N-AVG Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536

Emnekode: 
HI111N-AVG
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Emnenavn på engelsk: 
World history and Norwegian history from ca 300 to ca 1536
Emnenavn på bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
Eksamenssemester: 
2015 Haust
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til 1536. Dei skal forstå korleis den føydale samfunnsordninga voks fram og endra seg fram til 1500-talet, og vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum–periferirelasjonar. Dei skal òg ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverkinga sette inn med full tyngd.

Læringsutbytte

I samsvar ...

Kunnskapar

Det er eit mål at studenten- har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 400 (norsk frå ca 800) til ca 1600 og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom innanfor desse rammene- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Det er eit mål at studenten- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing

Generell kompetanse

Ingen

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Arbeidskrav nedunder) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fire arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei Individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den ferdige oppgåva skal ha eit omfang av 3000 - 3500 ord i tekstbehandling. Den tilnærma ferdige versjonen blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Gjennomføre to fleirvalsprøver (multiple-choice) til godkjent nivå. Desse prøvene tek utgangspunkt i heile pensum i emnet. Ein student som får «ikkje godkjent» på ei prøve, får ein ny sjanse.
  • Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, heimeeksamen, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det går fram ovafor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamensdel 1 må gjennomførast i same semester.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
100
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
Dag
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. 1. punkt under arbeidskrav.

Begge eksamensdelane skal leverast elektronisk i Fronter.
3000 - 3500 ord
Heimeeksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Heimeeksamen 40%.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS101N
2