Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
HI113N Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 1870–2000
Ingen
Føremålet med dette emnet er å gi studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå ca.1870 til ca. 2000. Vi legg vekt på å framstille og forklare korleis Noreg vart eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn, eit velstandssamfunn og eit samfunn der nyliberalismen slår igjennom. Det same perspektivet blir lagt på dei andre vestlege samfunna i verda. Brei vekt legg vi òg på dei store revolusjonane i hundreåret, konflikten mellom -ismane, kald-krig problematikken og forholda mellom industrialiserte land og land i den såkalla tredje verda.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca. 1870 til fram mot vår tid, og kunne sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gitte tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. gjennom digitale medium
Studenten:
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav i høgare utdanning
All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor). Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:
- Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei Individuell prosessoppgåve over oppgitt tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal vere på om lag 2500 ord i tekstbehandling. Den tilnærma ferdige versjonen blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Gjennomføre to fleirvalsprøver (multiple-choice) til godkjent nivå. Desse prøvene tar utgangspunkt i heile pensum i emnet. Ein student som får «ikkje godkjent» på ei prøve, får ein ny sjanse.
- Dokumentere historisk kunnskapstileigning i digitale medium etter nærare instruks frå instituttet.
Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i det digitale læringsverktøyet. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen skal gjennomførast i same semester.
10 av plassane er reservert for studenter ved programmet Bachelor i religion og kultur, nettstudium.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Historie - bachelor (nettstudium)
- Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt. | 3000 - 3500 ord | |
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Heimeeksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
SRS102N | 2 | |
SRS103N | 2 |
Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk i Inspera. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane blir lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.