Semestre
HI204P Lokal- og regionalhistorie - praksis
Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Anten HI111 / HI111N og / eller HI112 / HI112N og / eller HI113 / HI113N. Andre relevante fag og erfaring kan vurderast etter søknad.
Lokalhistorie er eit lokalt, regionalt og eit globalt forskingsområde. Fagfeltet kan definerast vidt. Eit lokalsamfunn kan vere alt frå éin gard, ei bustadblokk, ein bydel, ei grend, ein region eller ein familie eller ein person. Alle menneske har hatt eller har tilknyting til ein familie og eit eller fleire lokalsamfunn. Vi finn lokalhistorisk interesserte menneske over heile verda. Lokalhistoria i Noreg er ei stor folkerørsle, og det er historielag over heile landet. I tillegg er lokalhistorie i praksis eit forskingsfelt ved alle høgskular og universitet. Det store fleirtalet av historikarar i Noreg har erfaring frå forsking som kan kallast lokalhistorisk. Men lokalhistorie er også ein viktig del av arbeidslivet i ulike sektorar av samfunnet, knytt til t.d. arkiv, museum og andre offentlege institusjonar, i tillegg i mediebedrifter og innanfor turistnæringa. Dette emnet legg opp til at studentar skal få erfaring med bruk av lokalhistorie i arbeidslivet gjennom eit lengre praksisopphald.
I emnet får studentane ei innføring i det lokal- og regionalhistoriske forskings- og arbeidsfeltet i Noreg. Emnet er todelt: Teoridelen gjev innføring i metodar, teoriar og i fagfeltet generelt, medan studentane får høve til å prøve ut kunnskapane sine på desse områda gjennom eit praksisopphald ved ein arbeidsplass der lokalhistorisk arbeid står sentralt (t.d. arkiv, museum, bibliotek, mediebedrift). Eit slikt praksisopphaldet skal munne ut i ein skriftleg rapport av analytisk karakter, som inngår som ein del av vurderingsgrunnlaget i emnet. Praksisopphald skal gjenomførast etter avtale med Historisk institutt og i samsvar med instruks og plan utforma av instituttet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har gode kunnskapar om lokal- og regionalhistorie som rørsle, forskings- og praksisfelt
- har gode kunnskapar om generell metode innan lokal- og regionalhistorie
- har grunnleggjande kunnskapar om kjeldegrunnlaget for lokal- og regionalhistorie
- har grunnleggjande kunnskapar om kjelde- og arkivarbeid
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei lokal- og / eller regionalhistorisk problemstilling
- kan sette seg inn i og granske lokal- og regionalhistoriske data, primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- kan bruke lokal- og regionalhistorisk kunnskap i løysinga av arbeidsoppgåver innanfor eit praksisfelt der slik kunnskap er ein relevant del av verksemda
- kan drøfte lokal- og regionalhistoriske problemstillingar og kritisk vurdere andre slike framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten:
- kan sette seg inn i nye lokal- og regionalhistoriske problemområde og analysere tema frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning.
Undervisning i teoridelen av emnet skjer på nett i HVO sitt digitale læringssystemet. Det kan bli gjeve tilbod om undervisning lokalt hvis det meldar seg fleire enn åtte lokalstudentater i dei to emna HI204 og HI204P til saman.
Kvar student får ein faglærar som rettleiar. Rettleiar godkjenner arbeidskrava og gir fagleg tilbakemelding. Alle innleveringar blir gjort i HVO sitt digitale læringssystem. Det er difor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer).
I praksisperioden vil studenten få moglegheit til å skaffe seg relevant arbeidserfaring og nytte sine faglege ferdigheiter innan lokal- og regionalhistorie, i eit passande arbeidsmiljø. Oppdragsgivaren kan vere eit museum, ein frivillig organisasjon, eit forlag / avis / tidsskrift, eit bibliotek eller ein mediebedrift. Studenten vil delta i den daglege drifta i verksemda og utføre spesifikke oppgåver i tråd med avtalen med arbeidsgjevaren. Arbeidsgjevaren vil oppnemne ein kontaktperson som vil følgje studenten opp i løpet av praksisperioden. Studenten ordnar sjølv kontakt med relevant arbeidsstad og gjer avtalar med arbeidsgjevar innanfor rammene som gjeld for praksisopphald i emnet. Kontrakt om praksisopphald skal godkjennast av Historisk institutt.
Varigheita av praksisopphaldet vil vere på 8-10 veker med vanleg arbeidstid. Praksisemnet omfattar ein kombinasjon av arbeid for arbeidsgjevaren og eige arbeid, knytt til pensum og arbeidskrava i emnet. Praksisopphaldet skal munne ut i ein skriftleg rapport av analytisk karakter, som inngår som ein del av vurderingsgrunnlaget i emnet.
Partane vil avtale korleis praksisen skal fordelast gjennom veka, men det skal avsetjast 12-18 timar per veke til eigenarbeid med rapporten. Praksisopphaldet skal gjenomførast i samsvar med instruks og plan utforma av instituttet.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte under praksisopphaldet, jf. §6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, i tråd med instruks og kontrakt om praksisopphald.
Arbeidskrav:
- Levere forslag til lokalhistorisk relevant tema for ein analytisk rapport i samband med praksisopphaldet, i tråd med nærare instruks frå Historisk institutt. Rettleiar skal godkjenne tema. Slik godkjenning er naudsynt for å kunne gå vidare i emnet. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist.
- Levere ein disposisjon over praksisrapporten og oversikt over kjelder og litteratur som rapporten skal byggje på. Rettleiar skal godkjenne utkastet. Slik godkjenning er naudsynt for å kunne gå vidare med rapporten. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist.
- Levere eit utkast til praksisrapporten i samsvar med instruks frå instituttet. Utkastet skal ha eit omfang på 3000-5000 ord, med lineavstand 1,5 og 12 pkt skrift. Rettleiar skal godkjenne utkastet. Slik godkjenning er naudsynt for å kunne gå vidare med rapporten. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist. Rapporten skal skrivast ferdig og leverast i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Historie - bachelor
- Historie - bachelor (nettstudium)
- Historie - fordjupningsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rapport | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Rapporten er endeleg versjon av utkastet til praksisrapport, sjå under Arbeidskrav. Rapporten skal leverast elektronisk. | Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt | Rapporten skal ha eit omfang på 3000-5000 ord. |
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt |