Semestre

HPE202 Rettleiing på fagtekstar

Emnekode: 
HPE202
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Studiet er for fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda med undervisnings- og formidlingsoppgåver. 

  • Treårig høgskule- eller universitetsutdanning
  • Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering
Om emnet

Formålet med emnet er at deltakarane skal få auka kompetansen sin som skrivedidaktikar innanfor sitt fagfelt. Undervisninga og arbeidsmåtane vil bli lagt opp slik at deltakarane får innsikt i og erfaring med å gi læringsfremjande og motiverande skriveoppgåver for fagtekstar, samt legge til rette for god tilbakemeldingspraksis både undervegs og etter at skrivearbeidet er avslutta. Arbeidskrava vil vere retta inn mot å utvikle deltakarane sin undervisningspraksis av skriftlege arbeidskrav, der ein må teste ut og reflektere rundt ulike tilnærmingar.    

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • ha kunnskap om ulike teksttradisjonar, tekstnormer og kvalitetskriterium
  • ha kunnskap om kjenneteikn på god kommentarpraksis
  • ha kunnskap om god skriveopplæring for studentar
Ferdigheiter

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • kunne gje fagleg rettleiing i prosess og på produkt
  • kunne nytte ulik kommentarpraksis i ulike fasar av skrivinga
  • kunne gje rettleiing på tekst gjennom digitale medium
Generell kompetanse

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • kunne bidra til å gje hjelp til den faglege skrivinga til studentane
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er lagt opp med vekt på deltakaraktivitet, utprøving av ulike arbeidsformer og med ei utforskande tilnærming. Undervegs vil deltakarane arbeide med praktisk øving i respons både individuelt og i grupper. 

Fellessamlingane er totalt fire dagar (2+1+1). Mellom fellessamlingane arbeider deltakarane med arbeidskravr knytt til emnet. Det er forventa at ein deltek aktivt i undervisninga. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Oppmøte på samlingane er minimum 80 %, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Arbeidskrav:

To mindre arbeid som tek utgangspunkt i eiga rettleiing på fagtekst. Respons på arbeidskrav skjer i mindre grupper på samlingane. Arbeidskrava må vere godkjent for at studenten skal framstille seg til sluttvurdering. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Veker
Stått eller ikkje stått
Godkjent av: 
Arne Myklebust