Semestre

HPE202 Rettleiing på fagtekstar

Emnekode: 
HPE202
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Studiet er for fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda med undervisnings- og formidlingsoppgåver. 

  • Treårig høgskule- eller universitetsutdanning
  • Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering
Om emnet

Formålet med emnet er at deltakarane si tekstrettleiing skal føre til betre kvalitet på studentane sine tekstar og skriveprosessar. Målet er å gje deltakarane betre innsikt og handlingskompetanse i å rettleie på ulike fagtekstar, og utvikle kvalitet når det gjeld rettleiing og respons på tekstar. Det er og eit mål å gjere deltakarane tryggare på det dei skriv sjølve. Det vert lagt vekt på ulike former for digital respons. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • ha kunnskap om ulike teksttradisjonar, tekstnormer og kvalitetskriterium
  • ha kunnskap om kjenneteikn på god kommentarpraksis
  • ha kunnskap om god skriveopplæring for studentar
Ferdigheiter

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • kunne gje fagleg rettleiing i prosess og på produkt
  • kunne nytte ulik kommentarpraksis i ulike fasar av skrivinga
  • kunne gje rettleiing på tekst gjennom digitale medium
Generell kompetanse

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • kunne bidra til å gje hjelp til den faglege skrivinga til studentane
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er lagt opp med vekt på deltakaraktivitet, utprøving av ulike arbeidsformer og med ei utforskande tilnærming. Undervegs vil deltakarane arbeide med praktisk øving i respons både individuelt og i grupper. 

Fellessamlingane er totalt fire dagar (2+1+1). Mellom fellessamlingane arbeider deltakarane med ulike oppgåver knytt til emnet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Oppmøte på samlingane er minimum 80 %, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, pkt. 2. 

Arbeidskrav:

To mindre arbeid som tek utgangspunkt i eiga rettleiing på fagtekst. Respons på arbeidskrav skjer i mindre grupper på samlingane. Arbeidskrava må vere godkjent for at studenten skal framstille seg til sluttvurdering. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Veker
Stått eller ikkje stått
Godkjent av: 
Arne Myklebust