Semestre

HPE210 Engelsk for akademiske formål

Emnekode: 
HPE210
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Studiet er for fagleg og/eller administrativt tilsette ved HVO

  • Treårig høgskule- eller universitetsutdanning
  • Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering
Om emnet

Engelsk for akademiske formål for HVO-tilsette er eit 5 studiepoengs emne som kan takast som del av eit meir omfattande løp - innan HPE - eller som eit enkeltståande emne. Studiet skal skape ein utviklingsprosess i den einskilde studenten sin evne til å kommunisere effektivt og formålstenleg på engelsk i akademiske samanhengar, skriftleg og munnleg. Dette skal skje gjennom undervisning om engelsk akademisk skriving/presentasjon, gjennomgang av eksempeltekstar og gjennom produksjon av eigne skriftlege og munnlege tekstar til framføring. I tillegg vil ein lære gjennom lesing av pensumlitteratur og gjennom lesing, refleksjon over og diskusjon av eigne og medstudentars tekstar.

Emnet er organisert i to hovuddeler: del ein fokuserer på vanlege utfordringar hjå engelskbrukarar i norsk akademia, med særleg vekt på skriftleg engelsk, og vil også omfatte ei diagnostisering av spesifikke styrkar og utviklingsrom hjå den einskilde studenten. Del to vil i større grad fokusere på munnleg bruk av engelsk, og set også språkbruken inn i ein kulturell samanheng. Denne delen kan leie fram til ei samling ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York, med undervisning der.

Til kvar av dei to delane vil det vere knytt eitt arbeidskrav: ein skriftleg tekst tilpassa einskildstudenten si profesjonelle rolle knytt til del ein (med to gongar innlevering), og ein munnleg presentasjon knytt til del to. Til saman vil desse arbeidskrava utgjere ei eksamensmappe som vil bli vurdert til stått/ikkje stått. Studenten vil få rettleiing undervegs i arbeidet med begge arbeidskrava.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • Kjenne ordforråd og uttrykksmåtar, stilistiske konvensjonar og strategiar for oppbygging av akademiske tekstar på engelsk
  • Kjenne nyttige reiskapar og ressursar til bruk i ein engelskspråkleg akademisk skriveprosess
  • Kjenne strategiar for effektiv munnleg kommunikasjon om akademiske emne på engelsk, med særleg vekt på førebudde presentasjonar/innlegg
Ferdigheiter

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • Kunne skrive ein engelskspråkleg akademisk tekst for publikasjon innan sitt fagfelt (tekst klar for språkvask)
  • Kunne framføre ein eigen engelskspråkleg munnleg presentasjon innan sitt fagfelt
Generell kompetanse

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • Kunne reflektere over eigen og kollegar sin evne til å kommunisere på engelsk kring akademiske emne, munnleg og skriftleg
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er lagt opp med førelesingar, studentpresentasjonar, tilbakemelding, deltakaraktivitet og utprøving av digitale moglegheiter i Canvas og andre relevante verktøy. Deltakarane vil arbeide med arbeidskrav og andre oppgåver knytt til eige arbeid og vil sjølve kunne påverke utforminga av innhaldet, mellom anna ved å relatere det til eigne arbeidsoppgåver/forskingsinteresse.

Fellessamlingane er fordelt over åtte dagar med tre timar kvar. Mellom fellessamlingane arbeider deltakarane med oppgåver knytt til eige arbeid.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 75 prosent deltaking på samlingane. Ein eventuell ekskursjon til York vil kome i tillegg til dei åtte dagane, og vil kunne nyttast som erstatning for to samlingsdagar.

Arbeidskrav:

  1. Aktiv deltaking på samlingar
  2. Innlevering av utkast til engelskspråkleg fagtekst innan studenten sitt akademiske felt
  3. Framføring av munnleg engelskspråkleg presentasjon innan eige fagfelt
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Kjetil Arve Myskja
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Den engelskspråklege fagteksten vert bearbeidd til ferdig
fagtekst etter tilbakemelding frå faglærar og blir levert til eksamen.