Semestre
HUM101 Humanistisk innføringsemne
Ingen
Examen facultatum er eit obligatorisk innføringsemne i bachelorprogrammet i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Emnet kan også takast innanfor andre studium og bachelorprogram ved Høgskulen i Volda eller andre høgskular og universitet.
Studiet er delt inn i eit kjerneemne (10 studiepoeng), som utgjer ex.fac.-delen, og eit særemne (5 studiepoeng), som er eit innføringskurs i vitskapleg oppgåveskriving.
Studiet legg vekt på nyare vitskapsteoretiske diskusjonar og den historiske samanhengen dei går inn i.
Ex.fac.-delen er delt i tre:
- Humanistisk vitskapshistorie
- Tekst og tolking (hermeneutikk)
- Kunst og samfunn
1) Humanistisk vitskapshistorie
Delemnet tar opp korleis ein kan forstå omgrepet vitskap. Ein diskuterer tilhøvet mellom humaniora og naturvitskap, historismen og den språklege vendinga i humaniora.
2) Tekst og tolking
Delemnet tar opp hermeneutikkens historie. Ein diskuterer kva som ligg i omgrepet hermeneutisk metode, og fordjupar seg i den moderne debatten om hermeneutikk. Studenten vil også få ei kort innføring i moderne kulturforståing.
3) Kunst og samfunn
Delemnet tar opp kunstomgrepet i eit historisk perspektiv med særskilt vekt på litteratur. Ein diskuterer synet på kunst i ulike periodar, og ser på tilhøvet mellom litteratur og røyndom. Viktige spørsmål er på kva måte kunst er knytt til historie, kultur og kjønn.
Særemnet (skrivekurset): På grunnlag av det stoffet som er gjennomgått i ex.fac.-delen, skal studenten få ei innføring i vitskapleg oppgåveskriving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Emnet skal gi kunnskap om fag- og vitskapshistorie og kjennskap til sentrale spørsmål i dei humanistiske faga. Emnet skal vidare gi kjennskap til kva formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå, og kjennskap til reglar for korrekt argumentasjon.
Etter fullført studium skal studenten
- vere i stand til å formulere og avgrense relevante problemstillingar,
- meistre utforming av oppgåver der ein svarar på ei problemstilling,
- kunne drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve og slik gjennom analytiske grep og logisk argumentasjon vere i stand til å svare på ei relevant formulert problemstilling,
- meistre forsvarleg bruk av ulike kjelder.
Emnet skal utvikle allmenn kjennskap til og ei allmenn forståing av vitskapleg grunnlagsproblematikk, slik at studenten får eit bilete av dei ulike vitskapar og vitskapstypar i høve til kvarandre og i høve til samfunnet. Emnet skal vidare setje studenten i stand til å skrive oppgåver på 100- og 200-nivå.
Undervisninga i ex.fac.-delen vert gjeven gjennom nettleksjonar. Studentane fylgjer opp gjennom oppgåveskriving og responsar på medstudentar sine oppgåvetekstar. I arbeidet med dei skriftlege oppgåvene får studentane rettleiing frå faglærar.
For gjennomføring av skrivekurset er det lagt opp til seminarundervisning. Det er obligatorisk frammøte.
Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.
Arbeidskrav i ex.fac.-delen:
- Studenten skal skrive ei godkjenningsoppgåve (ca. 3 sider à 2000 teikn) frå kvart delemne. Oppgåva skal vere grunnlag for respons og diskusjon, og ho skal godkjennast av faglærar.
- Studenten skal gi skriftleg respons på seks oppgåveutkast frå medstudentar i løpet av kurset (ca. 1/2 - 1 side for kvar respons).
Komplett arbeidsmappe (3 oppgåver og 6 responsar) skal vere godkjend i same semester som arbeidet er utført.
Arbeidskrav i skrivekurset:
1. Studenten skal levere eit utkast til ei oppgåve innanfor eit delemne i Hum 101. Utkastet skal vere på 2000 - 4000 teikn utan mellomrom (ca. 1-2 sider). Utkastet skal innehalde ei problemstilling for oppgåva. Denne skal kommenterast, avgrensast og presiserast.
2. Studenten skal gje respons på to oppgåveutkast frå medstudentar.
3. Studentar som ikkje tek del i minst 80% av førelesingane, må gjennomføre ei 2 timars individuell prøve på Fronter i slutten av semesteret.
Arbeidskrava skal godkjennast av faglærar og må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava skal vere oppfylte i same semester som undervisninga blir gitt.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist. | Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) |