Semestre

HUM102 Kurs i oppgåveskriving

Emnekode: 
HUM102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Academic Writing Course
Emnenavn på bokmål: 
Kurs i oppgaveskriving
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gjev ei innføring i vitskapleg oppgåveskriving på bachelornivå. Emnet vert samkøyrt med EXP100 (Examen Philosophicum)  med omsyn til val av tema for øvingsoppgåve. Studentar som skal ta HUM102, må ta EXP100 i same semester.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kjennskap til kva formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå, og kjennskap til reglar for korrekt argumentasjon.

Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studenten

  • vere i stand til å formulere og avgrense relevante problemstillingar,
  • meistre utforming av oppgåver der ein svarar på ei problemstilling,
  • kunne drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve og slik gjennom analytiske grep og logisk argumentasjon vere i stand til å svare på ei relevant formulert problemstilling,
  • meistre forsvarleg bruk av ulike kjelder.
Generell kompetanse

Emnet skal setje studenten i stand til å skrive oppgåver på 100- og 200-nivå.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er lagt opp til seminarundervisning. Studentane får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåveskrivinga.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

1. Studenten skal levere eit utkast til ei oppgåve innanfor eit delemne innan Examen Philosophicum (EXP100). Utkastet skal vere på 2000 – 4000 teikn utan mellomrom (ca. 1-2 sider). Utkastet skal innehalde ei problemstilling for oppgåva. Denne skal kommenterast, avgrensast og presiserast og munne ut i ein disposisjon.

2. Studenten skal gje respons på to oppgåveutkast frå medstudentar.

3. Studentar som ikkje tek del i minst 80% av forelesingane, må gjennomføre ei 2 timars individuell prøve i Canvas.

Arbeidskrava skal godkjennast av faglærar og må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Arbeidskrava skal vere oppfylte i same semester som undervisninga blir gitt.

 Det er obligatorisk frammøte til undervisninga

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Sondre J.C.Kvamme
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
semester
Stått eller ikkje stått
Med utgangspunkt i oppgåveutkastet og responsane frå lærar og studentar skriv studenten ei eksamensoppgåve på maksimum 8000 teikn utan mellomrom (ca. 4 sider).
Godkjent av: 
Arne Myklebust