Semestre
HUM102 Kurs i oppgåveskriving
Ingen
Emnet gjev ei innføring i vitskapleg oppgåveskriving på bachelornivå. Emnet vert samkøyrt med Humanistisk innføringsemne (HUM101) med omsyn til val av tema for øvingsoppgåve.
Kurs i oppgåveskriving (HUM102) kan også takast som ein sjølvstendig del og tilpassast andre fagstudium ved Høgskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kjennskap til kva formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå, og kjennskap til reglar for korrekt argumentasjon.
Etter fullført studium skal studenten
- vere i stand til å formulere og avgrense relevante problemstillingar,
- meistre utforming av oppgåver der ein svarar på ei problemstilling,
- kunne drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve og slik gjennom analytiske grep og logisk argumentasjon vere i stand til å svare på ei relevant formulert problemstilling,
- meistre forsvarleg bruk av ulike kjelder.
Emnet skal setje studenten i stand til å skrive oppgåver på 100- og 200-nivå.
Det er lagt opp til seminarundervisning. Studentane får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåveskrivinga.
1. Studenten skal levere eit utkast til ei oppgåve innanfor eit delemne innan Humanistisk innføringsemne (HUM 101). Utkastet skal vere på 2000 – 4000 teikn utan mellomrom (ca. 1-2 sider). Utkastet skal innehalde ei problemstilling for oppgåva. Denne skal kommenterast, avgrensast og presiserast og munne ut i ein disposisjon.
2. Studenten skal gje respons på to oppgåveutkast frå medstudentar.
3. Studentar som ikkje tek del i minst 80% av forelesingane, må gjennomføre ei 2 timars individuell prøve i Canvas.
Arbeidskrava skal godkjennast av faglærar og må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Arbeidskrava skal vere oppfylte i same semester som undervisninga blir gitt.
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Med utgangspunkt i oppgåveutkastet og responsane frå lærar og studentar skriv studenten ei eksamensoppgåve på maksimum 8000 teikn utan mellomrom (ca. 4 sider). |