Semestre
HUM103N Humanistisk innføringsemne, Nettbasert (ex.fac. utan skrivekurs)
Ingen
Studiet legg vekt på nyare vitskapsteoretiske diskusjonar og den historiske samanhengen dei går inn i. Studiet inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet.
Emnet er delt i tre:
- Humanistisk vitskapshistorie
- Tekst og tolking (hermeneutikk)
- Kunst og samfunn
1) Humanistisk vitskapshistorie
Delemnet tar opp korleis ein kan forstå omgrepet vitskap. Ein diskuterer tilhøvet mellom humaniora og naturvitskap, historismen og den språklege vendinga i humaniora.
2) Tekst og tolking
Delemnet tar opp hermeneutikkens historie. Ein diskuterer kva som ligg i omgrepet hermeneutisk metode, og fordjupar seg i den moderne debatten om hermeneutikk. Studenten vil også få ei kort innføring i moderne kulturforståing.
3) Kunst og samfunn
Delemnet tar opp kunstomgrepet i eit historisk perspektiv med særskilt vekt på litteratur. Ein diskuterer synet på kunst i ulike periodar, og ser på tilhøvet mellom litteratur og røyndom. Viktige spørsmål er på kva måte kunst er knytt til historie, kultur og kjønn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om
- fag- og vitskapshistorie
- sentrale spørsmål i dei humanistiske faga.
Etter fulført emne skal studenten
- ha trening i fagleg skriving på 100-nivå.
- ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskaplege tenkemåtar og metodar
Etter fullført emne skal studenten ha
- utvikla allmenn kjennskap til og ei allmenn forståing av vitskapleg grunnlagsproblematikk.
- Innsikt i ulike vitskapar og vitskapstypar i høve til kvarandre og i høve til samfunnet.
Undervisninga vert gjeven gjennom nettleksjonar. Studentane fylgjer opp gjennom oppgåveskriving og responsar på medstudentar sine oppgåvetekstar. I arbeidet med dei skriftlege oppgåvene får studentane rettleiing frå faglærar.
Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.
Studenten skal skrive ei godkjenningsoppgåve (ca. 3 sider à 2000 teikn) frå kvart delemne. Oppgåva skal godkjennast av faglærar og skal vere grunnlag for responsar frå medstudentar.
Studenten skal gi skriftleg respons på seks oppgåveutkast frå medstudentar i løpet av kurset (ca. 1/2 - 1 side for kvar respons).
Komplett arbeidsmappe (3 godkjenningsoppgåver og 6 responsar) skal vere godkjend i same semester som arbeidet er utført.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Examen facultatum
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn). | Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist. |