Semestre

IDK141N Kunstig intelligens og vurderingsprosessar

Emnekode: 
IDK141N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Dette emnet gir ei innføring i korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast i formative vurderingsprosessar. Emnet vil gi deg innsikt i utfordringar, men også korleis KI kan støtte og påverke ulike vurderingsformer, inkludert skriftlege oppgåver, munnlege presentasjonar, praktiske oppgåver og gruppeprosjekt. Målsettinga er å gjennom utviklingsarbeid sette læraren i stand til å vurdere om, når og korleis KI kan takast i bruk i formative vurderingsprosessar, for å støtte opp under elevane si læring. Ved slutten av emnet skal studenten vere i stand til å vurdere relevansen av å ta i bruk KIverktøy i formativ vurdering, og integrere læringsfremjande bruk av KI i eigen undervisning. I det praktiske arbeidet vert det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde. Målgruppa for emnet er lærarar i grunn- og vidaregåande skule. Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrav ein jobbar med undervegs.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har innsikt i moglegheiter, utfordringar og konsekvensar av å nytte KI i vurderingsprosessar.
  • kjenner til verktøy og ressursar for å integrere KI i vurderingsprosessar.
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utvikle ledetekstar (prompts) til ulike KI-modellar, for bruk i formativ vurdering
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid som koplar KI og eigen vurderingspraksis
  • kan utvikle undervisningsopplegg som inkluderer bruk av KI i vurderingsaktivitetar.
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kjenner ein del moglegheiter, utfordringar og konsekvensar av KI knytt til utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er eit nettstudium, vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk arbeid med ulike KI-verktøy og didaktisk refleksjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen. 

Arbeidskrav:

I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidsoppgåver som vert spesifisert i semesterplanen. Arbeidsoppgåvene kan utarbeidast og innleverast individuelt eller i grupper, etter avtale med emneansvarleg, og vert sluttvurdert samla som eitt (1) arbeidskrav. Omfanget på arbeidskravet vil svare til 1500 ord (+/- 10%) som skrift, eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Ved gruppeinnlevering aukar omfanget med 750 ord eller 3,5 minutt, per student frå og med student nr.2. Arbeidsoppgåvene utgjer grunnlaget for eksamensmappa.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
Stått eller ikkje stått
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld utdrag frå arbeidskrava i emnet, med refleksjon knytt til utval og korleis arbeidskrava er vidareutvikla til eksamensprodukt. Levering av eksamen som gruppe skal avtalast med emneansvarleg i samband med innlevering av arbeidskrav.