Semestre

IDK150N Programmering for barnehage og småskuletrinnet

Emnekode: 
IDK150N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I både skule og barnehage treng dei tilsette praktiske ferdigheiter og didaktisk kunnskap for å kunne legge til rette for gode læringsprosessar som inkluderer programmering. I dette emnet utviklar studenten gradvis slike ferdigheiter og kunnskap med fokus på programmeringsverktøy og visuelle programmeringsspråk tilpassa barn i barnehagen og elevar i byrjinga av grunnskulen.

Sentrale tema er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin og blokkprogrammering. I det praktiske arbeidet blir det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde.

Målgruppa for emnet er barnehagelærarar og lærarar på 1.-4. trinn i grunnskulen. Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Til eksamen leve

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal kunne

  • vise grunnleggjande forståing for algoritmar
  • gjere greie for grunnleggjande element i visuelle programmeringsspråk
  • drøfte moglegheitane i den algoritmiske tenkeren i leik og utforsking
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • anvende algoritmisk tenking og programmering som prosess i leik og utforsking
  • utforske enkle algoritmar og pseudokode og lage program ved hjelp av visuell programmering
  • anvende tenkemåtar frå den algoritmiske tenkaren i eigen programmeringsprosess
  • vurdere læringsprosessar som inkluderer programmering i leik og utforsking
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • bidra til å utvikle programmering som verktøy i leik og utforsking for barnehagen og 1.-4. trinn i grunnskulen.
  • gjennomføre eit programmeringsprosjekt og dokumentere prosessen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.

Arbeidsoppgaver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgaver. Øvingar og mappeoppgaver vil dekkje bade praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i leik og utforsking.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: ingen. 

 

Arbeidskrav:

I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgavene vil samla vere pa 1500 ord (+/- 10%), eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Desse oppgavene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Studieavgift

Kr. 2000.-. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgavene fra semesteret.