Semestre
IDK150N Programmering for barnehage og småskuletrinnet
Ingen.
I både skule og barnehage treng dei tilsette praktiske ferdigheiter og didaktisk kunnskap for å kunne legge til rette for gode læringsprosessar som inkluderer programmering. I dette emnet utviklar studenten gradvis slike ferdigheiter og kunnskap med fokus på programmeringsverktøy og visuelle programmeringsspråk tilpassa barn i barnehagen og elevar i byrjinga av grunnskulen.
Sentrale tema er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin og blokkprogrammering. I det praktiske arbeidet blir det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde.
Målgruppa for emnet er barnehagelærarar og lærarar på 1.-4. trinn i grunnskulen. Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Til eksamen leve
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal kunne
- vise grunnleggjande forståing for algoritmar
- gjere greie for grunnleggjande element i visuelle programmeringsspråk
- drøfte moglegheitane i den algoritmiske tenkeren i leik og utforsking
Kandidaten skal kunne
- anvende algoritmisk tenking og programmering som prosess i leik og utforsking
- utforske enkle algoritmar og pseudokode og lage program ved hjelp av visuell programmering
- anvende tenkemåtar frå den algoritmiske tenkaren i eigen programmeringsprosess
- vurdere læringsprosessar som inkluderer programmering i leik og utforsking
Kandidaten skal kunne
- bidra til å utvikle programmering som verktøy i leik og utforsking for barnehagen og 1.-4. trinn i grunnskulen.
- gjennomføre eit programmeringsprosjekt og dokumentere prosessen
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Arbeidsoppgaver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgaver. Øvingar og mappeoppgaver vil dekkje bade praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i leik og utforsking.
Frammøtekrav: ingen.
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgavene vil samla vere pa 1500 ord (+/- 10%), eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Desse oppgavene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Kr. 2000.-.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 % | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgavene fra semesteret. |