Semestre

IDK170N Utforskande digital praksis i barnehagen

Emnekode: 
IDK170N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Dette emnet skal gi barnehagelæraren ein innføring i utforskande digital praksis i barnehagen. Du skal lære å planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere det digitale som ein del av det pedagogiske arbeidet. Emnet gir gode høve til å utvikle eigne praktiske ferdigheiter, men også utvikle evna til å vurdere når og korleis digitale verktøy skal nyttast. Gjennom emnet skal du som barnehagelærar utvikle din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK) og bidra med lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet. Du vil få konkrete tips på digitale verktøy som du kan bruke i det pedagogiske arbeidet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • kjenne til ulike relevante digitale verktøy og kunne nytte dei
  • ha kunnskap om barns leik/medieleik, mediekultur og digital dømmekraft
  • kjenne til rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse i samanheng med rammeplanen for barnehagen.
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • legge til rette for at barna kan utforske, skape, leike og lære ved bruk av digitale verktøy i arbeidet med fagområda i rammeplanen.
  • argumentere for, men også kritisk reflektere over bruk av digitale verktøy i barnehagen.
Generell kompetanse

Studenten skal

  • planlegge og gjennomføre eit utviklingsarbeid i kollegiet med fokus på utforskande digital praksis i barnehagen, for kollektiv kompetanseutvikling.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til eigen arbeidsplass. Emnet er organisert i asynkrone nettleksjonar og øvingar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Ingen. 

Arbeidskrav:

I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på ca 1500 ord (+/- 10%). Desse oppgåvene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
100
Studieavgift

Kr. 2.000,-. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100 %
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld arbeidskrav og eit kort refleksjonsnotat.