Semesters
IDK170N Utforskande digital praksis i barnehagen
Ingen.
Dette emnet skal gi barnehagelæraren ein innføring i utforskande digital praksis i barnehagen. Du skal lære å planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere det digitale som ein del av det pedagogiske arbeidet. Emnet gir gode høve til å utvikle eigne praktiske ferdigheiter, men også utvikle evna til å vurdere når og korleis digitale verktøy skal nyttast. Gjennom emnet skal du som barnehagelærar utvikle din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK) og bidra med lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet. Du vil få konkrete tips på digitale verktøy som du kan bruke i det pedagogiske arbeidet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- kjenne til ulike relevante digitale verktøy og kunne nytte dei
- ha kunnskap om barns leik/medieleik, mediekultur og digital dømmekraft
- kjenne til rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse i samanheng med rammeplanen for barnehagen.
Studenten skal kunne
- legge til rette for at barna kan utforske, skape, leike og lære ved bruk av digitale verktøy i arbeidet med fagområda i rammeplanen.
- argumentere for, men også kritisk reflektere over bruk av digitale verktøy i barnehagen.
Studenten skal
- planlegge og gjennomføre eit utviklingsarbeid i kollegiet med fokus på utforskande digital praksis i barnehagen, for kollektiv kompetanseutvikling.
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til eigen arbeidsplass. Emnet er organisert i asynkrone nettleksjonar og øvingar.
Frammøtekrav:
Ingen.
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på ca 1500 ord (+/- 10%). Desse oppgåvene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Kr. 2.000,-.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 % | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld arbeidskrav og eit kort refleksjonsnotat. |