Semestre

IFL101 Motorisk læring

Emnekode: 
IFL101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er samansett av fyljande kurs:

Kurs 1. Motorisk utvikling

- Grunnleggjande innføring i fagområdet motorikk

- Grunnleggjande innføring i observasjon og analyse av borns motorikk og leik i ulike rørslemiljø

- Utvikling av fysiske eigenskapar og kva konsekvensar det har for motorikken til barn og unge

- Omgjevnadane si betyding for læring av rørsler

- Allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit

- Grunnleggjande rørsler si betyding for born og unge si deltaking i idrett, idrettsaktivitet og friluftsliv i skule og fritid, samt grunnleggjande og enkle prinsipp og metodar for tilrettelegging av fysisk aktivitet

- Spennings- og risikofylt rørsleleik si betyding for barn og unge si heilskaplege utvikling

Kurs 2. Bevegelseslære 1 

- Grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding

- Grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar

- Ergonomi

Praktiske kurs:

Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 3 og 4.

Kurs 3.

Praktisk aktivitet:

- Stup. Eit utval stupøvingar frå sviktbrett og tårn

- Turn. Grunnleggjande turnøvingar ute og i sal-

- Generell koordinasjon. Utvikling av generelle koordinative eigenskapar  

Kurs 4. Kystfriluftsliv. Innføringskurs i grunnleggjande dugleikar i friluftsliv. Oppstartstur på Yksnøya med overnatting

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

- leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet for born og unge og allsidig og grunnleggande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, idrettaktivitet og friluftsliv i skule og fritid

- korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til born i ulike rørslemiljø- grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge

- grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding

- grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar

- grunnleggjande ergonomi

- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i dei praktiske aktivitetane

- å planleggje, leggje til rette for og gjennomføre praktiskmetodisk opplegg i utvalde aktivitetar

- grunnleggjande friluftsliv og ferdsel i kystnære strøk

Ferdigheiter

Studenten kan

-  leggje til rette for, og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer.

- kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, og læringsfremjande tilbakemelding

- kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø

- kan ferdast i kystnære strøk

- kan utføre grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa

Generell kompetanse

Studenten kan

- analytisk vurdere ulike rørslemiljø

- ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet

- kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving/organisert idrett og kroppsleg læring, leik og sansemotorikk, grunnleggjande anatomi og bevegelseslære

- forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.

Studentane kan rekne med  fråvær frå heimen i inntil 3 dagar (kurs 4).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Kurs 1: Krav om 80 prosent frammøte/deltaking. 

Kurs 2: krav om 80 prosent frammøte/deltaking.

Kurs 3: krav om 80 prosent frammøte/deltaking totalt og minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

Kurs 4: Kystfriluftsliv: krav om 100 % aktiv deltaking.

 

Alle arbeidskrav må vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen i IFL 101:

  • Kurs 1, Motorisk utvikling: Observasjon og analyse av borns motorikk og leik i ulike rørslemiljø. Skriftleg innlevering i grupper.

  • Vist innsats og eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver.

  • Godkjent gruppeoppgåve i turn og generell koordinasjon knytt til eigentrening.

  • Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan

  • Godkjent praktisk-metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningslinjer  vert lagt fram ved studiestart.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
-
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

Materialavgift: 200,-

Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar i kurs 1 og 4.

Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg. 

Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i idrett
  • Idrett årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Digital eksamen. Kurs 1: Motorisk utvikling.
Skriftleg eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Kurs 2: Bevegelselslære 1.
Godkjent av: 
Aud Folkestad