Semesters
IFL101 Motorisk læring
Ingen
Emnet er samansett av fyljande kurs:
Kurs 1. Motorisk utvikling
- Grunnleggjande innføring i fagområdet motorikk
- Grunnleggjande innføring i observasjon og analyse av borns motorikk og leik i ulike rørslemiljø
- Utvikling av fysiske eigenskapar og kva konsekvensar det har for motorikken til barn og unge
- Omgjevnadane si betyding for læring av rørsler
- Allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit
- Grunnleggjande rørsler si betyding for born og unge si deltaking i idrett, idrettsaktivitet og friluftsliv i skule og fritid, samt grunnleggjande og enkle prinsipp og metodar for tilrettelegging av fysisk aktivitet
- Spennings- og risikofylt rørsleleik si betyding for barn og unge si heilskaplege utvikling
Kurs 2. Bevegelseslære 1
- Grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- Grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar
- Ergonomi
Praktiske kurs:
Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 3 og 4.
Kurs 3.
Praktisk aktivitet:
- Stup. Eit utval stupøvingar frå sviktbrett og tårn
- Turn. Grunnleggjande turnøvingar ute og i sal-
- Generell koordinasjon. Utvikling av generelle koordinative eigenskapar
Kurs 4. Kystfriluftsliv. Innføringskurs i grunnleggjande dugleikar i friluftsliv. Oppstartstur på Yksnøya med overnatting
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet for born og unge og allsidig og grunnleggande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, idrettaktivitet og friluftsliv i skule og fritid
- korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til born i ulike rørslemiljø- grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge
- grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar
- grunnleggjande ergonomi
- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i dei praktiske aktivitetane
- å planleggje, leggje til rette for og gjennomføre praktiskmetodisk opplegg i utvalde aktivitetar
- grunnleggjande friluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
Studenten kan
- leggje til rette for, og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer.
- kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, og læringsfremjande tilbakemelding
- kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- kan ferdast i kystnære strøk
- kan utføre grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa
Studenten kan
- analytisk vurdere ulike rørslemiljø
- ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving/organisert idrett og kroppsleg læring, leik og sansemotorikk, grunnleggjande anatomi og bevegelseslære
- forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Studentane kan rekne med fråvær frå heimen i inntil 3 dagar (kurs 4).
Frammøtekrav:
Kurs 1: Krav om 80 prosent frammøte/deltaking.
Kurs 2: krav om 80 prosent frammøte/deltaking.
Kurs 3: krav om 80 prosent frammøte/deltaking totalt og minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Kurs 4: Kystfriluftsliv: krav om 100 % aktiv deltaking.
Alle arbeidskrav må vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen i IFL 101:
Kurs 1, Motorisk utvikling: Observasjon og analyse av borns motorikk og leik i ulike rørslemiljø. Skriftleg innlevering i grupper.
Vist innsats og eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver.
Godkjent gruppeoppgåve i turn og generell koordinasjon knytt til eigentrening.
Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
Godkjent praktisk-metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningslinjer vert lagt fram ved studiestart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Materialavgift: 200,-
Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar i kurs 1 og 4.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
- Bachelor in Sports Education
- Sports/physical education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Digital eksamen. Kurs 1: Motorisk utvikling. | ||
Written Exam | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 2: Bevegelselslære 1. |