Semestre

IFL105 Frå fjøre til fjell

Emnekode: 
IFL105
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
-
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Frå fjøre til fjell
Emnenavn på bokmål: 
Frå fjøre til fjell
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet "Frå fjøre til fjell" omhandlar friluftsliv ved kysten og på sjøen, friluftsliv i skogen og på fjellet, kanopadling, utstyrslære, naturkjennskap, friluftsliv og samfunn, friluftslivspedagogikk (veglederlære), naturforvaltning. Emnet inngår som første emnet av Årsstudium Friluftsliv.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført dette studiet skal studentane:- Ha allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen.- Ha dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdereeigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav.- Ha kunnskap om vegledning i friluftsliv.- Ha grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad.- Ha kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk og fritid.

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar og erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøftingar og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald og ferd (som kan vare over fleire døgn), gruppearbeid og plenumsdrøftingar og forelesing. Ferdighetsprøver kan legges inn.Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk frammøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste praktiske opplegg, utandørsopplegg og førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100 % deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet

Vilkår for å framstille seg til eksamen

-

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emnet inngår i følgande studieprogram