Semestre

IFL106 Snø, ski og bre

Emnekode: 
IFL106
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Snow and Ski
Emnenavn på bokmål: 
Snø og ski
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

IFL105

Om emnet

Emnet "Snø, ski og bre"omhandlar friluftsliv om vinteren, og friluftsliv i samband med bre og fjell. Ein viktig del av dette emnet er pedagogikk/fagdidaktikk, planarbeid og praksis. Emnet inneheld òg forvaltning, naturkjennskap og utstyrslære. Emnet inngår som andre emnet av Årsstudium Friluftsliv.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

- har grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad

- har kjennskap til og kunnskap om vegledning i friluftsliv

- har kjennskap til dei rammevilkåra og krava som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk og fritid

Ferdigheiter

Studenten

- kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø

- har allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen 

- har dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav 

Generell kompetanse

 

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifiserte skjønn.
  • har grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar og erfaringar ein får ute, vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald og ferd (som kan vare over fleire døgn), gruppearbeid og plenumsdrøftingar/forelesing. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Ferdighetsprøver kan leggast inn.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.

ARBEIDSKRAV

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IFL106

- Rapport frå praksis skal vere levert til fastsett tid i semesterplanen
- Studenten skal ved semesterstart revidere Eigenutviklingsplan og dei personlege læringsmåla. Eigenutviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen.
- Godkjent oppgåve på 2000 ord knytt til skred
- Godkjent oppgåve på 2000 ord knytt til skiferd i fjellet

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Dag Erik Wold
Materialavgift

Materialpengar kr 400,-

Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar.

Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg. 

Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i friluftsliv
  • Friluftsliv - årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
2 Veker
Stått eller ikkje stått
Gjennomføring og godkjenning av Skredsamlinga. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
2 Veker
Stått eller ikkje stått
Gjennomføring og godkjenning av Vinterfriluftsliv i fast leir. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
2 Veker
Stått eller ikkje stått
Gjennomføring og godkjenning av Skiferd i høgfjell og Eigenferd i gruppe. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
2 Veker
Stått eller ikkje stått
Gjennomføring og godkjenning av Vårskitur. Vurderingsgrunnlag:Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
2 Veker
Stått eller ikkje stått
Gjennomføring og godkjenning av Bresamlinga. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Aud Folkestad