Semesters
IFL106 Snø, ski og bre
IFL105
Emnet "Snø, ski og bre"omhandlar friluftsliv om vinteren, og friluftsliv i samband med bre og fjell. Ein viktig del av dette emnet er pedagogikk/fagdidaktikk, planarbeid og praksis. Emnet inneheld òg forvaltning, naturkjennskap og utstyrslære. Emnet inngår som andre emnet av Årsstudium Friluftsliv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
- har kjennskap til og kunnskap om vegledning i friluftsliv
- har kjennskap til dei rammevilkåra og krava som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk og fritid
Studenten
- kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
- har allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
- har dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifiserte skjønn.
- har grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet.
Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar og erfaringar ein får ute, vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald og ferd (som kan vare over fleire døgn), gruppearbeid og plenumsdrøftingar/forelesing. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Ferdighetsprøver kan leggast inn.
Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.
ARBEIDSKRAV
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IFL106
- Rapport frå praksis skal vere levert til fastsett tid i semesterplanen
- Studenten skal ved semesterstart revidere Eigenutviklingsplan og dei personlege læringsmåla. Eigenutviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen.
- Godkjent oppgåve på 2000 ord knytt til skred
- Godkjent oppgåve på 2000 ord knytt til skiferd i fjellet
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Materialpengar kr 400,-
Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
- Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
- Outdoor Life - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 2 Weeks | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av Skredsamlinga. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 2 Weeks | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av Vinterfriluftsliv i fast leir. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 2 Weeks | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av Skiferd i høgfjell og Eigenferd i gruppe. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 2 Weeks | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av Vårskitur. Vurderingsgrunnlag:Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 2 Weeks | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av Bresamlinga. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | |||
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |