Semestre

IFL112 Naturguiding i kyst- og fjordlandskap

Emnekode: 
IFL112
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Studentane skal få innsikt i kva praktisk guidearbeid inneber, og med det leggje grunnlag for studium, refleksjonar og diskusjonar rundt guiderolla, guideverksemd som reiselivsprodukt, formidling av informasjon og opplevingar, og trygg guiding. Guideverksemda vil bli eksemplifisert og tematisert gjennom guida turar i fjordområder og ved kysten.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha grunnleggjande kunnskapar om natur, kultur og tradisjonell naturbruk i dei kyst- og fjordlandskapa som emnet fokuserer på.
  • kjennskap til ansvarsforhold og regelverk knytt til rolla som naturguoide, der ein har ansvar for tryggleiken til personar og grupper.
Ferdigheiter

Studenten skal

  • ha innsikt og trening i risikovurderingar og trygg ferdsel i kyst- og fjordlandskap.
  • ha innsikt i og trening i formidling av opplevingar og informasjon i guidesituasjonar.
  • ha trening i organisering og leiing av guida turar.
  • kunne tilretteleggje for og servere tradisjonell kost for gjestar og turistgrupper på tur.
  • ha utvikla evna til skjønn og kunne gjennomføre "god praksis".
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha innsikt i kva guidearbeid inneber i samband med reiseliv, og sjå grenseoppgangar mellom guiding og pedagogisk verksemd i natur.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiearbeidet vil veksle mellom undervisning med forelesingar, drøftingar i plenum og under seminar, gruppearbeid og opphald ute. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane ute skal også gje grunnlag for drøftingar og refleksjon.Studiet baserer seg på eigenstudier, og aktiv deltaking og medansvar, der studentane får praktisk ansvar for organisering og guideoppgåver under studiesamlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om obligatorisk deltaking på kvar praktisk studiesamling ute. Semesterplan gjev informasjon om dei obligatoriske delane i studiet.

Arbeidskrav som skal vere godkjende for å gå opp til eksamen:

  • Aktiv deltaking på førebuingar til, under gjennomføring av og etterarbeid etter alle studiesamlingane ute.
  • Gjennomført og og godkjend praktisk gruppeoppgåve om matlaging og servering for resten av studentgruppa.
  • Rapport frå dei guida turane, omlag 2500 ord.
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Nils Ola Skuset
Materialavgift

Studentane må dekkje utgifter til reiser og oppgåvene med matlaging og servering.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Naturguide
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
20 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter