Semestre

IFL113 Naturguiding som profesjon

Emnekode: 
IFL113
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Godkjende arbeidskrav i IFL112.

Om emnet

Gjennom førelesningar, litteraturstudium, refleksjonar og diskusjonar sikter dette emnet på å gje ei djupare innsikt i guideyrket, og ferdigheiter ein treng for å verte ein god guide.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha kunnskap om guiden sin plass i reiselivet og om ulike sider ved norsk reiseliv.
  • ha kjennskap til omgrep som m.a. «naturbasert reiseliv», «verdibasert guiding», «slow experiences» – også i ein naturfilofsofisk samanheng.
  • forstå kva «naturoppleving» inneber som reiselivsprodukt.
  • ha kjennskap til guiden sine roller som vertskap og formidlar.
  • ha kunnskap om ansvarsforhold og regelverk i friluftsloven, naturmangfaldloven, produktkontrolloven, internkontrollforskriften og i plan- og bygningsloven. 
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne bruke og reflektere over naturguiden sitt kunnskapsgrunnlag og arbeidsmåtar.
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha opparbeidd ei vidare innsikt i guideyrket sin eigenart og ferdigheiter ein treng for å arbeide som naturguide.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiearbeidet inneber litteraturstudium, forelesninger, diskusjonar og seminar, der studentane også må rekne med å kunne leggje fram fagstoff. 

Undervisning vil basere seg på at studentane tek ansvar for eiga læring og utvikling. 

Semesterplanen gjev informasjon om dei obligatoriske delane av studiet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav som skal vere godkjende for å gå opp til eksamen:

  • Frammøte under obligatorisk undervisning.
  • Eigenutviklingsplan (EUP).
  • Munnleg presentasjon av tema for prosjektoppgåva, som skal gjennomførast i emnet IFL 115 Prosjekt og praksis.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Ola Einang
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 400,-.

Studentane må dekkje utgifter til reiser og oppgåvene med matlaging og servering.

Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg. 

Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Naturguide
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen.
Godkjent av: 
Aud Folkestad