Semestre
IFL113 Naturguiding som profesjon
Godkjende arbeidskrav i IFL112
Gjennom førelesningar, litteraturstudium, refleksjonar og diskusjonar sikter dette emnet på å gje ei djupare innsikt i guideyrket, og ferdigheiter ein treng for å verte ein god guide.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kunnskap om guiden sin plass i reiselivet og om ulike sider ved norsk reiseliv.
- ha kjennskap til omgrep som m.a. «naturbasert reiseliv», «verdibasert guiding», «slow experiences» – også i ein naturfilofsofisk samanheng.
- forstå kva «naturoppleving» inneber som reiselivsprodukt.
- ha kjennskap til guiden sine roller som vertskap og formidlar.
- ha kunnskap om ansvarsforhold og regelverk i friluftsloven, naturmangfaldloven, produktkontrolloven, internkontrollforskriften og i plan- og bygningsloven.
Studenten skal
- kunne reflektere over naturguiden sitt kunnskapsgrunnlag og arbeidsmåtar.
- kunne omsetje «soft skills» til eigen praksis.
Studenten skal
- ha opparbeidd ei vidare innsikt i guideyrket sin eigenart og ferdigheiter ein treng for å arbeide som naturguide.
Studiearbeidet inneber litteraturstudium, forelesninger, diskusjonar og seminar, der studentane også må rekne med å kunne leggje fram fagstoff. Undervisning vil basere seg på at studentane tek ansvar for eiga læring og utvikling. Semesterplanen gjev informasjon om dei obligatoriske delane av studiet.
Arbeidskrav som skal vere godkjende for å gå opp til eksamen:
- Frammøte under obligatorisk undervisning.
- Eigenutviklingsplan (EUP).
- Skisse for prosjektoppgåva, som skal gjennomførast i emnet IFL 115 Prosjekt og praksis. Skissa skal også ha med framlegg til sjølvvald pensum.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kr.400.
- Naturguide
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. |