Semestre
IFL117 Pedagogikk, idrett og samfunn
Kurs 1. Idrettspedagogikk
- Pedagogiske problemstillingar retta mot idrett og kroppsøving
- Motivasjon og meistring hjå ulike målgrupper
- Idrett og sjølvbilete
- Læring i idrettsgrupper
- Kropp, kultur og samfunn
- Barne- og ungdomsidretten
Praktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for ulike aldersgrupper.
Kurs 2. Dans
- Dans ved hjelp av lyd og rytme, og musikk.
- Dans som samværs -, kommunikasjons – og treningsform.
Kurs 3. Ski
- Leik på ski
- Innføring i svingteknikk.
Kurs 4. Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar.
- Om idrett for alle. Meistring, inkludering og likeverd.
- Praktisk aktivitet for å få kunnskap om og innsikt i ulike utfordringar ein som kroppsøvingslærar/trenar kan møte.
- Planleggje og ta del i Spenningskurset på Bjorli eller tilsvarande praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- kan forholde seg kritisk til idrettspedagogiske teoriar og praksis
- har innsikt i ulike tilnærmingar til læring, motivasjon og leiing i idrett og skule
- har innsikt i idrett og sjølvbilete
- har kunnskap om den organiserte barne- og ungdomsidretten
- kan reflektere kritisk kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
- har praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
- kan planleggje, leggje til rette for og gjennomføre praktisk metodisk opplegg i utvalde aktivitetar
- har innsikt i den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i praktiske aktivitetar
Studenten
- har erfaring med grunnleggande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
- kan leggje til rette for læring i praktiske aktivitetane for barn og ungdom med ulike føresetnadar
- kan utføre grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa 2, 3 og 4
- kan leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, skileik, innføring i svingteknikk, dans og tidsaktuelle rørsleformer
- kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemelding
- kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- kan leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for ulike aldersgrupper
- har erfaring med grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane
Studenten har generell kompetanse til å
- vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
- ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving/organisert idrett og kroppsleg læring
- forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar/instruktør og kroppsøvingslærar
- legge til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
- planleggje, leie, leggje til rette, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet både for barn, unge og vaksne
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Canvas i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Studieturar:
Studentane må rekne med utgifter til transport og heiskort i samband med skiundervisning i kurs 3. Dersom dårlege snøtilhøve må ein rekne med utgifter til opphald, samt fråvær frå heimen i inntil fem dagar.
Studentane må rekne med kostnadar til mat og ein eigenandel på 350,- i samband med kurs 4 på Bjorli, samt fråvær frå heimen inntil 6 dagar.
Frammøtekrav:
Kurs 1 og 2: Krav om 80% frammøte.
Kurs 3 og 4: Krav om 100 % aktiv deltaking.
Arbeidskrav:
- Godkjent individuell innlevering i kurs 1 Idrettspedagogikk, omfang på ca. 2000 ord.
- Godkjent ein seminarpresentasjon i grupper i kurs 1 Idrettspedagogikk
- Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
- Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
- Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
- Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 2 og 3.
- Betalt eigenandel og refleksjonsnotat knytt til kurs 4. Omfang: 1000 ord
- Godkjent praktisk-metodiske oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 2 og 3 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk metodisk opplegg der dei underviser medstudentar. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningsliner for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Kr. 200,-
Studentane må sjølve sørge for transport til og frå samlingar og turar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane.
Studentar som ikkje har høve til å delta på turane må søke om eit alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
- Bachelorstudium i idrett
- Idrett årsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | 5 Dagar | Stått eller ikkje stått | ||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | 5 Dagar | Stått eller ikkje stått | Kurs 4: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking. | |||
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Kurs 1: Idrettspedagogikk. |
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking.