Semestre

IFL117 Pedagogikk, idrett og samfunn

Emnekode: 
IFL117
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Kurs 1. Idrettspedagogikk
- Pedagogiske problemstillingar retta mot idrett og kroppsøving
- Motivasjon og meistring hjå ulike målgrupper
- Idrett og sjølvbilete
- Læring i idrettsgrupper
- Kropp, kultur og samfunn
- Barne- og ungdomsidretten

Praktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for ulike aldersgrupper.

Kurs 2. Dans 
- Dans ved hjelp av lyd og rytme, og musikk.
- Dans som samværs -, kommunikasjons – og treningsform.

Kurs 3. Ski
- Leik på ski
- Innføring i svingteknikk.

Kurs 4. Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar.
- Om idrett for alle. Meistring, inkludering og likeverd.
- Praktisk aktivitet for å få kunnskap om og innsikt i ulike utfordringar ein som kroppsøvingslærar/trenar kan møte.
- Planleggje og ta del i Spenningskurset på Bjorli eller tilsvarande praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter å ha fullført studiet skal studentane ha tilegna seg kunnskap om:

  • å kritisk kunne forholde seg til idrettspedagogiske teoriar og praksis
  • ha innsikt i ulike tilnærmingar til læring, motivasjon og leiing i idrett og skule
  • idrett og sjølvbilete
  • den organiserte barne og ungdomsidretten
  • kritisk kunne reflektere kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
  • praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
  • å planleggje, leggje til rette for og gjennomføre praktisk metodisk opplegg i utvalde aktivitetar
  • den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i praktiske aktivitetar

 

Ferdigheiter

Etter å ha fullført studiet skal studentane ha tileigna seg ferdigheiter i:

  • og erfaring med grunnleggande fagdidaktikk i praksis, og vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
  • å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetane for barn og ungdom med ulike føresetnadar
  • å kunne utføre grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa 2, 3 og 4
  • kan leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, skileik, innføring i svingteknikk, dans og tidsaktuelle rørsleformer
  • kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemelding
  • kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
  • å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for ulike aldersgrupper 
  • grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane

 

Generell kompetanse

Etter å ha fullført studiet skal studentane ha generell kompetanse til å:

  • vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving/organisert idrett og kroppsleg læring
  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar/instruktør og kroppsøvingslærar
  • har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan legge til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
  • kan planleggje, leie, leggje til rette, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet både for barn, unge og vaksne
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.

Studieturar:

Studentane må rekne med utgifter til transport og heiskort i samband med skiundervisning i kurs 3. Dersom dårlege snøtilhøve må ein rekne med utgifter til opphald, samt fråvær frå heimen i inntil fem dagar.

Studentane må rekne med kostnadar til mat og ein eigenandel på 350,- i samband med kurs 4 på Bjorli, samt fråvær frå heimen i inntil 6 dagar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Kurs 2: Krav om 80% frammøte.

Kurs 3 og 4: Krav om 100 % aktiv deltaking.

 

Arbeidskrav:

  • Godkjent mappe (innlevering i grupper) kurs 1 Idrettspedagogikk, omfang på ca. 3000-4000 ord
  • Godkjent ein seminarpresentasjon i grupper i kurs 1 Idrettspedagogikk
  • Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
  • Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
  • Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
  • Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 2 og 3.
  • Refleksjonsnotat knytt til kurs 4. Omfang: 1000 ord
  • Godkjent praktisk-metodiske oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 2 og 3 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk metodisk opplegg der dei underviser medstudentar. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningsliner for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

Kr. 200,-

Studentane må sjølve sørge for transport til og frå samlingar og turar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i idrett
  • Idrett årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
5 Dagar
Stått eller ikkje stått
Kurs 3: Ski.
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
5 Dagar
Stått eller ikkje stått
Kurs 4: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar.
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kurs 1: Idrettspedagogikk.
Godkjent av: 
Aud Folkestad