Semestre
IFL202 Skiutdanning 2
Desse emna må vere fullført: IFL 101, IFL 116, IFL117, IFL104, eller tilsvarande utdanning.
Ved ledige studieplassar kan studentar på Friluftsliv Fordjuping som har fullført emne IFL203 søke om opptak.
Emnet omhandlar alpint som idretts- og kroppsøvingsaktivitet. Viktige delar av emnet er leik på alpine ski/begynnaropplæring, grunnleggande skiteknikk i alpint, konkurransemessig teknikk i alpint, skihistorie, skiutstyr, trenings- og bevegelseslære, fagdidaktikk og tilpassa opplæring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- Skihistorie
- Barn sine føresetnader for læring av skiteknikk
- Leikprega opplæring på alpine ski
- Grunnleggande- og konkurransemessig teknikk i alpint
- Skiutstyr i alpint
- Vedlikehald av alpint skiutstyr
- Fagdidaktikk
- Tilpassa opplæring
- Trenings- og bevegelseslære knytt til alpint
- Kva som ligg til grunn for, og kunne analysere bevegelsar med tanke på funksjonell skiteknikk i alpint
Studenten
- har tilstrekkelige ferdigheiter til å demonstrere funksjonell skiteknikk i alpint, med tanke på opplæring av born og ungdom
- kan planlegge og gjennomføre leikprega begynnaropplæring og grunnleggande teknikkopplæring på alpine ski
- kan planlegge og gjennomføre trening i konkurransemessig teknikk i alpint
Studenten kan sjå opplæring i alpint i ein større samanheng og greie å drage paralellar frå kunnskap han har tileigna seg i grunnstudia (100-nivå).
Som innleiing og introduksjon til emnet vert det campusbasert teoriundervisning. Studentane må også rekne med teoriundervisning mellom dei to skisamlingane i emnet. Likevel må studentane i stor grad arbeide med det teoretiske lærestoffet sjølve, gjennom ei individuell caseoppgåve. Retningsliner for oppgåva vert utlevert og gjort greie for ved studiestart. Teoriundervisninga er obligatorisk då dette er førebuing til dei to skisamlingane (80% frammøte).
Samling 1: Leik, tekniske element og tekniske grunnprinsipp i alpint: Samlinga vert gjennomført i januar/februar på Hafjell, eller andre stader i Noreg med tilhøve for alpint.
Innhald: Leik på alpine ski, grunnleggande teknikk i alpint, og konkurransemessig teknikk i storslalåm (SSL). Samlinga har fokus på opplæringsmetodikk og ferdigheitsutvikling, gjennom leik-, frikøyring- og løypemodellar på alpine ski, samt komkurransemessig teknikk i SSL.
Samling 2: Kunnskap og ferdigheit i svingteknikk alpint: Samlinga vert gjennomført i februar/mars på Hafjell eller andre stader i Noreg med tilhøve for alpint.
Innhald: Vidareutvikling av konkurransemessig teknikk i slalåm (SL), storslalåm (SSL) og super-G (SG), gjennom frikøyring, løypemodellar og løyper.
Undervisninga på samlingane vil i all hovudsak vere praktisk retta, men med noko teoriundervisning. Arbeidsmåtane vil variere mellom lærarstyrte- og studentaktive arbeidsmåtar.
Det er obligatorisk frammøte og ein forventar aktiv deltaking på kvar av dei to skisamlingane.
Studentane skal i grupper planlegge og gjennomføre undervisningsopplegg (praktisk metodiske oppgåver) knytt til samlingane. Det vert også stilt krav om at studentane gjennomfører 10 timar skipraksis i skule, idrettslag eller annan organisasjon, samt 10 timar eigentrening svingteknikk i løpet av studiet. Krav til førebuing, gjennomføring og dokumentasjon vert gjort greie for ved studiestart.
Økonomi: Studentane må dekke kostnadane ved dei to praktiske samlingane.
- Deltaking på Samling 1 og Samling 2, samt godkjent frammøte (80%) til all teoriundervisning.
- Gjennomført praktisk-metodisk opplegg.
- Praktisk skiopplegg i skule, idrettslag eller annan organisasjon på 10 timar.
- Gjennomført 10 timar eigentrening i svingteknikk alpint.
- Individuell caseoppgåve på 6400 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Det vert gjort krav om ei materialavgift på 200 kr i tilknyting til gjennomføringa av emnet.
Studentane må dekke kostnadane ved dei to praktiske samlingane (reise, opphald og heiskort.)
Studentar som ikke har høve til å delta på skisamlingane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
- Bachelorstudium i idrett
- Idrett fordjupning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | 2 Veker | Stått eller ikkje stått | Ferdigheit i svingteknikk i alpint vurdert gjennom dei 2 kursvekene. | |||
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |