Semestre

IFL203 Friluftsliv I

Emnekode: 
IFL203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Outdoor Life 3
Emnenavn på bokmål: 
Friluftsliv 3
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført eitt av følgjande tre alternativ:

  1. 60 stp i friluftsliv: IFL 105 Frå fjøre til fjell 30 stp og IFL 106 Snø, ski og bre 30 stp. 
  2. 30 stp friluftsliv + 30 stp andre emne etter individuell vurdering
  3. Eller tilsvarande studie etter individuell vurdering
Om emnet

Emnet "Friluftsliv I" har vekt på ferdsel i fjell, høgfjell og bre. Emnet inneheld vidaregåande studiesamlingar i ferdsel på bre og i alpine fjell. Hausten inneheld også ein periode der studentane skal jobbe med eigenutvikling annanfor eit sjølvvalt tema. Filosofiske og didaktiske perspektiv blir videreført frå grunnivået og naturkjennskap knytt til fjell og høgfjell står sentralt. Emnet inngår som eit av fire emner i Fordjupingstudium friluftsliv.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbyte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:

  • Ha allsidig kunnskap til opphald og ferdsel i ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
  • Ha dei kunnskapar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ferdsel i ulike former for natur 
  • Ha kunnskap om vegledning i friluftsliv
  • Ha grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad.
  • Kunne anvende faglige kunnskapar på praktiske og didaktiske problemstillingar.
  • Kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar.
  • Ha grunnleggande kunnskap om vitskapsteori og metodelære.
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • planlegge, gjennomføre og vurdere praktiske undervisningsopplegg i naturen
  • gjere rede for friluftslivet sin historie og plass i det norske samfunnet.
  • planlegging og gjennomføring av læringsaktivitet i friluftsliv
  • Kan uttrykke sin faglige forståelse skriftlig og muntlig
  • Utnytte kunnskap om beslutningsteori gruppepsykologi og ledelse i egen praksis.
Generell kompetanse

Studenten kan                                                                                        

  • Utføre vegleiing i friluftsliv
  • Forstå verdien av naturen som lærings- og opplevelsesarena
  • Forstå verdien av friluftslivet sine tradisjoner
  • Ta ansvar for kontinuerleg eigenutvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåte og organisering er prega av aktivt friluftsliv der erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for refleksjon, drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil veksle mellom arbeid i plenum/forelesing, seminar, gruppearbeid og opphald ute. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk frammøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste praktiske opplegg, utandørsopplegg og førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100 % deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.

ARBEIDSKRAV

Alle arbeidskrav må vere oppfylte for å få kunne gå opp til eksamen. 

  • Studenten skal ved semesterstart utarbeide ein eigenutviklingsplan (EUP) som tek utgangspunkt i personlege læringsmål. EUP skal leverast til fastsett tid i semesterplanen og skal godkjennast før den blir satt i verk. Etter at eigenutviklingsperioden er over skal studenten, til fastsett tid i semesterplanen, levere inn eit 3 siders refleksjonsnotat knytt til læring gjennom EUP.  Eigenutviklingsperioden og det skriftlege arbeidet blir vurdert til godkjent/ ikkje godkjent.

  • Studenten skal skrive ei oppgåve på 2000 ord knytt til bre- og  tindefriluftsliv. Arbeidet blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.

  • Studenten skal skrive ei oppgåve på 2000 ord knytt til pedagogikk og filosofi. Arbeidet blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.

  • Studenten skal ha gjennomført og godkjent eit kort undervisningsopplegg for andre studentar i dette emnet eller i IFL 204.

EKSAMEN-/VURDERINGSORDNING

  • Gjennomføring og godkjenning av bresamlinga. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Turen blir vurdert til stått/ikkje stått. Det er krav om 100% deltaking. 

  • Gjennomføring og godkjenning av tindefriluftsliv. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Turane blir vurdert til stått/ikkje stått. Det krav om 100% deltaking. 

  • Mappeinnlevering. Ei av dei tre skriftlege arbeidskrava (EUP, bre og tind samt pedagogikk og filosofi) vert trekt ut og blir teljande som eksamen.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
Ved 10 eller færre vert det vurdert om emnet vert starta opp.
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Stig Løland
Materialavgift

300,- Materiellpengar skal dekke bruk av utstyr og materiell. 

Studentane må sjølv sørge for transport til og fra samlingar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Friluftsliv fordjuping
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ei av dei tre skriftlege arbeidskrava (EUP, bre og tind samt pedagogikk og filosofi) vert trekt ut og blir teljande som eksamen.
Refleksjonsnotat EUP på 3 sider. Oppgåvene knytt til samlingane skal vere på om lag 2000 ord kvar.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
Stått eller ikkje stått
Gjennomføring og godkjenning av bresamlinga. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
Stått eller ikkje stått
Gjennomføring og godkjenning av tindefriluftsliv. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krav om 100% deltaking.
Godkjent av: 
Gunn Marit Lid