Semestre
IKF102 Idrett og samfunn
Ingen.
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i temaet idrett og samfunn.
Hovudtemaet for kurset er idretten sin plass i samfunnet, idrettshistori og idrettssosiologi, samt psykologiske begrep knytt til idrett og fysisk aktivitet.
Dei praktiske kursa fokuserer på didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik og idrettsaktivitetar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har gunnleggande innsikt i idretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat
- har grunnleggande kunnskap om sjølvoppfatning, fysisk aktivitet og idrett
- har grunnleggjande kunnskap om motivasjon, psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper
- har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
- har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie instruksjon i orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik, idrettsaktivitetar og tidsaktuelle rørsleformer
- har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
- kan sjå på idretten i samfunnet frå eit større samfunnsperspektiv
- kan reflektere over idrettshistoriske og idrettssosiologiske problemstillingar
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsleg læring som er relevante i den organiserte idretten
- har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
- kan ta seg fram og leggje til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass
- kan bruke digitale verktøy i orienteringa både i terrenget og i undervisninga
- kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Studenten:
- kan trekke hovudlinjene i norsk idrettshistorie
- kan gjere greie for idrett som idrettssosiologisk fenomen
- kan reflektere over idretten sin plass i samfunnet
- kan reflektere- og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i orientering, leik og idrettsaktivitetar, friidrett og kystfrilufliv
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvings/idrettslærar
Emnet består av følgande kurs:
Kurs 1: Idrett og samfunn
Kurs 2: Orientering
Kurs 3: Leik og idrettsaktivitetar
Kurs 4: Friidrett
Kurs 5: Kystfriluftsliv
Kurs 1 er eit teoretisk kurs, der det vil bli brukt varierte undervisningsformer pirmært inne på campus. Kurs 2,3,4 og 5 er praktiske kurs der undervisninga foregår både ute og i sal og klasserom inne.
Ved digital undervisning i zoom vert det stilt krav om aktiv deltaking.
Canvas vert nytta som læringsplattform i emnet
Frammøtekrav:
Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 4
Krav om 100% deltaking i kurs 5
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
Godkjent Individuell skriftleg innlevering i kurs 1
Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs
Godkjent arbeidskrav/innlevering i kurs 2, 3 og 4.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
200 kr.
- Idrett og kroppsøving - årsstudium
- Idrett og kroppsøving - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 20-25 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Kurs 1: Idrett og samfunn | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individuell | 3 Dagar | Stått eller ikkje stått | Kurs 5: Kystfriluftsliv. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. |