Semestre
IKF201 Prestasjonsutvikling
Idrett og kroppsøving årsstudium eller tilsvarande
Ved fullføring av emnet skal studenten kunne drive opplæring innan prestasjonsutvikling med vekt på tilrettelegging for trening av fysisk kapasitet og bevegelse for individ på ulike nivå. Studentane skal gjennom emnet tileigne seg teoretisk og praktisk kompetanse innan utvikling av prestasjon. Det vert tett kopling mellom teori og praksis.
Kurs 1. Treningslære - Analyse av arbeidskrav og kapasitet innan individuell idrett og lagidrett. - Testing av fysisk kapasitet.- Fysiologiske tilpassingar ved trening for prestasjonsutvikling i idrett.
Kurs 2. Bevegelseslære - Teoretisk og praktisk innføring i teknikk og bevegelsesanalyse i utvalde idrettar.
Kurs 3. Volleyball. Volleyball vert nytta som eksempelidrett knytt til bevegelseslære og dels i treningslære. Kurset har fokus på trenarrolla/lærarrolla med vekt på teknisk analyse, tilbakemelding og progresjon og utvikling av teknikk og spel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
• har kunnskap til å planlegge og gjennomføre trening med fokus på utvikling av prestasjon
• har kunnskap om arbeidskrav og kapasitetsanalyse innan utvalde idrettar
• har kunnskap om metodar for testing av fysisk kapasitet
• har kunnskap til å analysere bevegelsar med fokus på funksjonell teknikk
Studenten:
• kan planlegge og gjennomføre trening med fokus på utvikling av prestasjon
• kan utarbeide arbeidskrav og kapasitetsanalyse innan utvalde idrettar
• kan metodar for testing av fysisk kapasitet
• kan analysere bevegelsar og rettleie med fokus på funksjonell teknikk
Studenten:
• kan sjølvstendig analysere rørsler og fysisk kapasitet, vurdere, planlegge og gjennomføre trening med tanke på betring av prestasjon
• har evne til refleksjon og kritisk tenking med tanke på tilpassing til ulike nivå og individ
Studiet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Innanfor prestasjonsutvikling vil både lagidrettar og individuelle idrettar ha fokus, og studentane skal jobbe sjølvstendig og kritisk til idrettsfaglege problemstillingar. Studiearbeidet vil veksle mellom forelesing / plenumsdrøftingar, seminar, individuelt arbeid, gruppearbeid, praktiske prosjekt, praktiske økter i sal, treningsrom og testlab. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. Canvas vert nytta for kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.
Frammøtekrav:
Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Semesterplanen gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.
Arbeidskrav:
Eit skriftleg laboratoriearbeid i grupper på 2-3 studentar. Omfang ca 1500 ord.
Skriftleg individuell semesteroppgåve i treningslære. omfang 2500-3500 ord.
Ei gruppevis (2 pr. gruppe) analyseoppgåve i bevegelseslære med 30 minutt munnleg presentasjon for resten av klassa knytt til metode og funn. Vi arbeider i prosess og nyttar både eigenutvikla observasjonsskjema, video og videoanalyseprogram for å framstille ei grundig analyse av ein sjølvvald teknikk.
200,-
- Idrett og kroppsøving - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Bevegelseslære | Alle | |
Heimeeksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Treningslære | Alle |