Semestre

IKF203 Metode

Emnekode: 
IKF203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Bachelor i idrett og kroppsøving: Bestått IKF101 Treningslære og IKF102 Idrett og samfunn

Bachelor i friluftsliv og naturguide: Bestått IKF106 Friluftsliv 1

Om emnet

Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.

Emnet skal også gje ei innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til samfunnsvitskap.

Emnet skal formidle forståing for samfunnsvitskapelege forskingsmetodar. Studentane skal ha grunnleggande kunnskapar om samfunnsvitskapelege omgrep og operasjonalisering av desse, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om eksperimentelle design og ymse ikkje-eksperimentelle metodar som blant anna kasusstudiar og surveymetodar.

Emnet Innføring i metode skal gje studentane ferdigheiter i å forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design. Studentane skal også få kunnskapar om forhold som operasjonalisering, reliabilitet, og validitet. De vil også få kunnskapar om ulike typar ikkje-eksperimentelle og eksperimentelle design.

Emnet inngår i bachelor i idrett og kroppsøving og bachelor i friluftsliv og naturguide. Emnet kan også takast av andre studentar ved HVO.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kjennskap til kva som meinast med litteratursøk, hypotese/problemstilling, operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet
  • kjenner til ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasusstudiar, arkivstudiar, surveymetodar, feltmetodikk og intervju)
  • kjenner til demarkasjonsproblemet (kva er vitskap?) med særleg blikk på falsifikasjonsprinsippet, operasjonalisme og essensialisme
  • kan gjere greie for problema med ulike forskingsmetodar, årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet og omgrepet «sannsynleg»
  • kan gje døme på kvalitative forskingsmetodar
Ferdigheiter

Studenten 

  • kan gjere greie for kjenneteikn ved vitskapeleg litteratur
  • kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er.
  • kan gje ei generell oversikt over etiske dilemma ved forsking.
  • kan greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design.
  • kan gjere greie for forholdet mellom eit utval og ein populasjon
  • kan greie ut om kva som kjenneteiknar vitskapeleg metode (demarkasjonsproblemet, falsifikasjonsprinsippet).
  • kan diskutere fordelar og ulemper ved kasusstudiar, testar og eksperiment (årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet, generaliseringsproblemet).
  • kan peike på føremoner og ulemper ved kvalitative metodar
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan gjere greie for grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar
  • kan gjere greie for grunnleggande trekk ved kvantitativ forskning
  • kan peike på grunntrekk ved kvalitativ forsking
  • kan skrive eit vitskapeleg review (litteraturgjennomgang) knytt til avgrensa problemstilling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, rettleiing, seminar og eigenarbeid.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

 

Arbeidskrav:

  1. Gjennomføring av ein Multiple Choice test i Canvas.
  2. Aktiv deltaking på seminar (sjå fastsett tid for seminaret i arbeidsplanen)
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
80
Emneansvarleg: 
Violeta Lozano Botellero
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
  • Idrett og kroppsøving - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Sjå sensorrettleiiing
Tillatte hjelpemiddel: Alle
Innlevert tekst på omlag 1500 ord (pluss litteraturliste). Teksten skal vere eit review (litteraturgjennomgang) over eit tenkt forskingsområde for ei bacheloroppgåve. Vurderingskriterier: operasjonalisere problemstilling, utføre relevante og gode litteratursøk, akademisk skriving, vise god forståing for forskingsfeltet og drøfte reliabilitet og validitet ved ulike metodiske tilnærmingar.
Godkjent av: 
Unni Hagen