Semestre

IKF204 Motivasjonspsykologi

Emnekode: 
IKF204
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Motivation psychology
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Minimum 30 studiepoeng på grunnivå. 

Om emnet

Emnet skal gje ei systematisk innføring i korleis menneskeleg motivasjon er resultat av samhandling mellom individet sin åtferd, emosjonar, kognisjon, individuelle forskjellar og tilhøve i miljøet.

Studentane skal få innsikt i a) ulike typar motivasjon, b) korleis motivasjon er ein viktig føresetnad for læring, som påverkar både læringsprosess og prestasjonar, c) strategiar for sterkare og meir føremålstenleg motivasjon og yting, d) korleis motivasjon både kan vere eit uttrykk for relativt stabile individuelle skilnader i personlegdom og resultat av tilpassing til omgjevnadene sine forventningar, og e) samanhengen mellom motivasjon, meistring og sjølvoppfatning. Studentane får innføring i bruken av mentale basisferdigheiter som nyttast for å fremje prestasjonar innan idrett og i samfunnet elles.

Emnet inngår i bachelor i idrett og kroppsøving og bachelor i friluftsliv og naturguide. Gjennom studiet vil studentane få auka profesjonsforståing i forhold til å fremje deltakarar sitt engasjement innafor sitt arbeidsfelt. Dette blir tematisert med eksemplar frå kroppsøving og naturguiding. Emnet kan også takast av andre studentar ved HVO. Emnet tilsvarar 15 stp «Motivasjonspsykologi» ved Universitetet i Bergen og utviklast i samband med samarbeidsavtalen mellom UiB og HVO.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten

  • Kan sentrale omgrep i motivasjonspsykologien
  • Kan dei mest sentrale teoriane om motivasjon, og demonstrere kunnskap om dei
  • Kjenner til forskingsmetodar i studiet av motivasjon
  • Kan analysere sentrale omgrep og teoriar i motivasjonspsykologien og diskutere forholdet mellom dei
Ferdigheiter

Studenten kan

  • Drøfte viktige fenomen presentert i modulen
  • Demonstrere forståing av motivasjon innan ulike område av psykologien
  • Drøfte praktiske implikasjonar av ulike motivasjonsteoriar innan felt som skule, arbeidsliv, helse og idrett, med særleg vekt på profesjonsrolla i kroppsøving og naturguiding
  • Gjennomføre mental treningsøkt for ei gruppe
Generell kompetanse

Studenten kan

  • Reflektere rundt kva motivasjon er
  • Reflektere rundt korleis ein måler motivasjon
  • Reflektere rundt - og tenkje kritisk om - korleis ulike teoriar vinklar motivasjonsfenomen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Nettbasert organisering gjennom læringsplattforma Canvas. Omvendt undervisning med arbeidsoppgåver knytt til tema.

2 X 2 dagar seminar på Campus Volda. Obligatorisk frammøte på seminar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 50% frammøte på seminar

Arbeidskrav:

  1. Aktiv deltaking på seminar, 50% frammøteplikt (sjå fastsett tid for seminaret i semesterplanen)
  2. Gjennomført og godkjent ein Multiple Choice test i Canvas
  3. Gjennomført og godkjent arbeidskrav knytt til mentale treningsteknikkar som eigenpraksis og med ei gruppe
  4. Godkjent individuelt skriftleg arbeidskrav med omfang 1000 ord (+/- 10%)
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
80
Emneansvarleg: 
Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
  • Idrett og kroppsøving - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Sjå sensorrettleiing
Tillatte hjelpemiddel: Alle
Omlag 2000 ord (+/- 10%), pluss litteraturliste
Godkjent av: 
Unni Hagen