Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
INF212 PR og kommunikasjon 4: Kommunikasjonsteori med prosjektpraksis
Emnet er sett saman av ein kort teoretisk og ein større praktisk del. Det byggjer på INF131 og INF132, dvs. PR og kommunikasjon 1 og 2, og tek sikte på å vidareutvikle studenten si/sin teoretiske faginnsikt, kritiske og analytiske refleksjon gjennom praktisk prosjektarbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal ha kunnskap om:
- kommunikasjonsfaglege teoriar i kampanjeplanlegging og -evaluering
- kan planlegge større kommunikasjonstiltak og grunngi val av metode og utforming av desse med utgangspunkt i teori og erfaring frå eigne øvingar
Kandidaten skal kunne:
- planlegge og gjennomføre større kommunikasjonstiltak både eksternt og internt i organisasjonen
- gjennomføre og presentere prosjekt på oppdrag frå eksterne eller interne oppdragsgjevarar
- planlegge og gjennomføre ein munnleg presentasjon for ei forsamling
Kandidaten skal
- vere i stand til å praktisk gjennomføre reelle kommunikasjonsprosjekt
Førelesingar, seminar, gruppearbeid, prosjektarbeid, skriftlege og praktiske oppgåver. Det er obligatorisk deltaking i dei praktiske some/foto/video/tekst-kursa og prosjektarbeidet som kan vere knytt til ein intern eller ekstern oppdragsgjevar, samt gjesteførelesingar.
- Godkjend deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 09:00 og innlevering kl. 14:00. | ||
Presentasjon | Gruppe | 1 Semester | Stått eller ikkje stått |