Semestre
IPA106N Forvaltningsarbeid (nettstudium)
Generell studiekompetanse
Emnet gir ei kort innføring i :
- Offentleg forvaltning - prosessar og strukturar.
- Styring, kontroll, omstilling.
- Brukarorientering.
- Styringsmåtar i offentleg forvaltning.
- Økonomistyring og personaladministrasjon.
- Offentlegrettslege emne (juridisk metode, forvaltningsrett og arbeidsrett)
Emnet kan takast som eit frittståande emne eller som ein valfri del av bachelorstudium. For folk som driv med sakshandsamararbeid, kan emnet gje eit vidare perspektiv og ei vidare kvalifisering i yrkeskarrieren. I kombinasjon med dei andre emna i bachelorstudiet er emnet med på å komplettere ei utdanning som kan forsyne norsk offentleg forvaltning med allsidig utdanna sakshandsamarar, planleggjarar og leiarar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten·skal ha kunnskap om
- viktige funksjonar i offentleg forvaltning· og korleis forvaltninga er organisert
- viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte
Studenten skal kunne
- gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til forvaltninga·
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- vise evne til refleksjon og kritisk tenking knytt til sentrale problemstillingar i forvaltninga
- Nettleksjonar
- Streaming av enkelte førelesingar
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
- Diskusjonsforum på nettet
Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon.
Studenten skal ha gjort ei heimeoppgåve (inntil 5000 ord) med tema og problemstilling gjeve av faglærar. Det blir høve til innlevering av utkast som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering. Dette arbeidskravet må vere vurdert til ha innhald som er godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Forvaltningsarbeid
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 10 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt mot slutten av semesteret og med frist på 10 dagar for levering. Denne skal skrivast utan rettleiing og skal synleggjere at kandidatane kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein fagleg god måte. Oppgåveteksten kan vere knytt til eitt eller fleire tema innanfor studieemnet. | Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei oppgåve, på maksimum 5000 ord. |